Risotto med kjøttdeig og tomat

meksikansk risotto Krema risotto er så godt, og så enkelt å like. Denne versjonen minner meg om det som heitte “Meksikansk gryte” frå min ungdom som var superpopulær å servere i større samankomstar. Då serverte ein gjerne med salat og ris til, og det funkar fint til denne versjonen også. Enkel, ujålete mat som er laga på 20 minutt.

Til omlag 4 personar treng du:

  • 250 g risottoris
  • ca 5 dl varm kraft (vatn + buljong)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1/2 raud chili
  • 1,5 dl kvitvin
  • 400 g kjøttdeig
  • 2 ss tomatpuré
  • 2 nevar parmesan
  • 2 ss smør
  • 1 ts spisskummen
  • salt og peppar
  • litt nøytral olje til steiking

Server gjerne kokt ris eller steikte grønsaker til.

risotto med kjøttdeig og tomatSlik gjer du:

  1. Ha 1 ss olje i ei kasserolle og brun kjøttdeiga.
  2. Hakk løk, kvitløk og chili.
  3. Ha kjøttdeiga over på ein tallerken og sett til side.
  4. Ha ny olje i gryta og fres løk, kvitløk og chili til løken er blank.
  5. Ha i risottorisen og la den frese med til den også er blank.
  6. Rør inn tomatpuré og spisskummen.
  7. Hell over kvitvin og la koke inn til nesten all væska er vekke.
  8. Spe med ca 1 dl av krafta i gongen, rør ofte og la krafta koke nesten heilt inn før du har i ny. Fortsett slik til all krafta er spedd i, dette tek ca 15 min.
  9. Vend inn kjøttdeiga, bland godt.
  10. Ha i 1-2 ss smør og reven parmesan over risottoen, men utan å røre. Legg på lokk og la stå i 3-5 min. Vend så inn smøret og osten, krydre raust med salt og peppar, og servér med det samme.
kjøttdeig og tomat risotto

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!