Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter

Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter er den maten du treng når middagen må på bordet på under eit kvarter, og du har lyst på noko sunt og godt. Perfekt for kjøttfri mandag for eksempel!

grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter

Deilige, krispe grønsaker med asiatisk smak gjer det lett å få i seg alle regnbogens fargar. Bønnespirer er søtt og godt, og dermed ein smak som borna lett kan like. Serverar du til nokon som er allergiske mot nøtter let du berre vere å ha dei i, eller serverar dei i ei skål på sida.

grønnsakswok med bønnespirer og cashewnøtter

Om du får restar frå middagen er dette perfekt kveldsmat eller lunsjmat dagen etter. Oppbevar i ei tett boks i kjøleskapet og la det få nokre minutt i ei lita steikepanne på høg varme før restefesten er i gong. Restemat er jo min abosolutte favorittmat, digg mat og null oppvask! Kan det bli betre?

grønsakswok med bønnespirer og cashewnøtter

Oppskrift på Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter

2-3 porsjonar / Tid: 15 min

  • 3 gulrøtter
  • 1 løk
  • 150 g bønnespirar
  • 12-15 sukkererter
  • 1 raud paprika
  • 2 cm ingefærrot
  • 150 g hermetiske vannkastanjer i skiver
  • 100 g cashewnøtter
  • 1 ss sesamolje
  • 2 ss oyster sauce
  • 1 ss soyasaus
  • salt og peppar
  1. Skrell og del alle grønsaker i stavar/bitar.

  2. Ha sesamolje i ein wok eller stor gryte på middels-høg varme. Fres løken til den blir blank.

  3. Ha i resten av grønsaken og la dei frese med til dei er varme.

  4. Bland inn oyster sauce og soyasaus. Krydre med salt og peppar.

  5. Grovhakk cashewnøttene og ha dei over.

  6. Server gjerne med kokt jasminris til. Velbekomme!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.