Spicy svinewok

wokWok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like?

I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i tynne skiver, ofte slik ein får svin servert i Asia. Då smakar det absolutt best synest eg!

Du kan sjølvsagt nytte dei grønsakene du har i kjøleskapet, dette er ein rett som gjerne kan varierast og vere med på å tømme kjøleskapet for restar.

wok med svinTil 3-4 personar treng du:

  • 300 g svinefilet
  • 1/2-1 squash
  • 1/2 raud paprika
  • 1/2 grøn paprika
  • 1/2 gul paprika
  • 1 vårløk
  • 1 gulrot
  • 10-12 sukkererter
  • litt olje til steiking (t.d. kokos- eller solsikkeolje)

Woksaus:

  • 3 ss soyasaus
  • 2 ss oystersaus
  • 1/2-1 raud chili
  • 1 tommelfinger-stor ingefærrot
  • salt og peppar

spicy svinewokSlik gjer du:

  1. Om du skal servere ris til, set du den til kok først. (1 del ris og 2 delar vatn + ei klype salt).
  2. Finhakk ingefær og chili og rør saman woksausen.
  3. Del opp grønsakene i bitar og skjær kjøtet i tynne skiver. Ha alt klart før du startar wokinga.
  4. Varm opp litt olje i ei høg steikepanne eller ei wokpanne.
  5. Fres kjøtet til det er gjennomsteikt, hell over halvparten av sausen medan du steiker. Ha kjøtet over på ein tallerken og set til side.
  6. Ha litt ny olje i panna og ha i grønsakene. Tenk at dei såvidt skal bli varme, ikkje gjennomsteikte -då blir dei soggy, vi vil ha dei krispe.
  7. Når grønsakene har blitt varme har du kjøtet tilbake i panna og blandar inn resten av sausen.
  8. Då er det berre å rope: MIDDAAAG!;)
svinewok

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!