Saltkokte poteter

verdens beste saltkokte poteter

Saltkokte poteter er ein nydeleg måte å servere småtpoteter eller nypoteter med tynt skal på. Perfekt tilbehør til grillmat eller som ein eigen liten rett på tapasbordet saman med aioli.

Potetene kokar du på samme måte som vanlege poteter, men med store mengder salt i vatnet. Når potetene er ferdigkokte tømmer du av kokevatnet og då vil det leggje seg eit tynt lag av salt på skalet og det blir reine festmåltidet. Du kan bruke både grovt og fint salt, begge deler funkar, og mengden poteter mot salt er omlag lik. Altså 1 kg poteter med 1 kg salt!

Potetene skal kokast med skalet på, og difor er det best å bruke poteter med tynt skal, som nypoteter eller amadinepoteter.

de beste potetene grill

Saltkokte poteter

4-6 personar

  • 1 kg poteter med tynt skal (amadine eller nypoteter)
  • 1 kg salt
  • ca 2 liter vatn

Oppskrift

  1. Kok opp vatnet.
  2. Ha i saltet og rør rundt.
  3. Ha i potetene, godt vaska men med skal.
  4. La koke under lokk til potetene er møre, dette tek omlag 30-40 min. Sjekk ved å stikke ein skarp kniv i ei.
  5. Hell av kokevatnet og la dampe seg tørre.
  6. Ha over i serveringsskål og server varme.

 

saltpoteter

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.