Speltbrød i langpanne

Speltbrød i langpanne blei veldig godt motteke her i heimen, og det er jo tipp-topp når det er eit brød som er enkelt å lage! Ein heilt vanleg ettermiddag eltast deiga saman i kjøkkenmaskin medan eg ryddar opp etter middagen, og så får det stå på benken og etterheve medan vi gjer lekser og andre ettermiddagsaktivitetar. Som lønn får vi rykande ferskt brød til kveldsmat, og digg skulemat dagen etter.

speltbrød i langpanne

Faktisk var skuleguten så nøgd då han kom heim etter å ha hatt med dette i lunsjboksen at han høgt proklamerte at dette var det beste brødet han hadde smakt. Og han lovde på tru og ære at det ikkje var noko han sa for å glede mor si, eller for å godgjere mor før jul;)

speltbrød i langpanne

Spelt er mildare mot magen enn kveitemjøl og vi prøver ofte å bake med dette mjølet når vi kan. Ofte kan du bytte ut akkurat like mengder kveitemjøl med speltmjøl, utan at det gjer noko for resultatet. Spelt skal ikkje eltast like mykje som kveitemjøl, og treng difor ikkje så lang tid i kjøkkenmaskina.

langpannebrød med spelt

Dette langpannebrødet er lett å lage og om du får restar er det supert å fryse ned. Då kan du ta opp «rundstykker» og varme lett i omnen før servering.

 

Oppskrift på Speltbrød i langpanne

1 langpanne porsjon / Tid: 10 min + 3 t heving/steiking

  • 300 g grov sammalt spelt
  • 700 g finmalt spelt + litt ekstra på toppen
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ss honning
  • 7 dl vatn
  • 1 ts salt
  1. Ha lunka vatn i bakebollen og mål så opp resten og ha i. Ved å ha vatn i botnen slepp du at mjølet ligg igjen og ikkje blandar seg inn. Elt saman i 5 minutt på middels fart i kjøkkenmaskin, eller ved handmakt.

  2. Dekk til bakebollen og la deiga heve i 1-1,5 t.

  3. Kle ei langpanne med bakepapir og hell deiga, som er ganske klissete over i langpanna. Strø litt mjøl over og klapp deiga jamt uttover i panna. Strø gjerne litt ekstra mjøl på toppen til slutt også.

  4. Dekk med eit kjøkkenhåndkle og la etterheve på kjøkkenbenken i 30 min.

  5. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  6. Rut opp brødet før du set det inn i omnen, anten ved hjelp av ein skarp slikkepott eller ein kniv. Sjølv om du deler heile vegen gjennom deiga vil det feste seg tilbake til kvarandre, men det viktigaste er at det er eit rutenett på toppen slik at du klarer å dele opp i bitar når brødet er ferdig steikt.

  7. Steik brødet midt i omnen i ca 30 min, til det er gyllent under.

  8. Løft heile langpanna ut av omnen, og la brødet avkjøle 10 min i forma før du løftar det over på ei rist og let det avkjøle (utan bakepapiret under) heilt.

  9. Brødet kan gjerne delast opp i rundstykkebitar og så pakkast tett for frysing. Tin dei på kjøkkenbenken og la dei få 3-5 min på 150 grader varmluft, eller set dei direkte frå frysaren inn i omnen i 15 min. Håper det fell i smak!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.