Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær

pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær

Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær er laga på samme måte som den vanlege pavlovaen i langpanne, men har fått med nokre av mine favorittsmakar i tillegg. Sjokolade og lakris passar veldig godt i lag, og friske jordbær på toppen set prikken over i’en. Finn du ikkje jordbær på butikken er bringebær like godt (eller endå betre!) saman med sjokoladekremen.

Langpanna som er nytta her er av typen som du får kjøpt med lokk til, slik at den er enkel å ta med til festligare lag. Og det skal ein jo ofte no i desse maidagane. Problemet kan vere at jordbærlaget blir for høgt for lokket, men då kan du fint ta med jordbæra i ei boks ved sidan av og ha dei over rett før kaka skal på bordet.

pavlova i langpanne

I denne kaka har eg brukt både lakrispulver og lakrissirup, men finn du berre den eine typen på butikken går det heilt fint. Du kan også velje om du vil ha skikkeleg lakrissmak som det blir med denne mengden, eller om du vil halvere og ha berre 1 ss til saman, for litt mindre dominerande lakrissmak. Det er opp til kakebakaren å bestemme;)

pavlova med lakris og sjokolade

Fekk du lyst å prøve? Her ser du korleis eg gjorde det:

Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær

30 x 40 cm langpanne

Lakrispavlova

  • 8 eggekviter
  • 350 g sukker
  • 1 ss balsamicoeddik
  • 3 ss maizena
  • 1 ss lakridspulver
  • 1 ss søt lakridssirup

Sjokoladekrem

  • 5 dl kremfløyte
  • 100 g mørk sjokolade (75 %)
  • 1 ss sukker

Pynt

  • 1 korg friske jordbær
  • Litt reven mørk sjokolade
  • Sitronmelisse
pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær

Oppskrift

Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær:

Lakrispavlova:

  1. Set omnen på 120 grader over- og undervarme og kle langpanna med bakepapir i botnen.
  2. Pisk eggekvitene på middels hastigheit med halvparten av sukkeret. Når det byrjar å skumme aukar du hastigheita og har i resten av sukkeret litt etter litt. Pisk heilt til du har tjukk, blank marengs.
  3. Sikt i maizenna, ha i balsamicoeddik og lakris og vend alt forsiktig inn til det er godt blanda. Bruk store bevegelsar og “løft” det inn, slik at du ikkje slår ut lufta frå marengsen.
  4. Ha marengsen over i langpanna og smør uttoer. La det vere 1/2 cm glippe ut til kanten, slik at marengsen ikkje ligg heilt inntil kanten av langpanna.
  5. Steik i ca 1,5 time. Skru av omnen og la botnen overnatte i steikeomnen, eller stå der til den er heilt avkjølt.

Sjokoladekrem:

  1. Knekk sjokoladen i bitar og smelt den over vassbad (eller i mikro om du likar det betre).
  2. La sjokoladen avkjøle litt før du blandar den med den kalde kremfløyta. Den lunka sjokoladen vil korne seg, og du får ein krem der det ser ut som du har finhakka sjokoladen etter at du har vispa den.
  3. Ha i sukkeret og visp til krem. Ikkje visp for lenge du vil ha ein mjuk og stor krem -ikkje ein som blir kompakt.
  4. Stryk kremen uttover den avkjølte pavlovaen og pynt med friske jordbær, reven sjokolade og sitronmelisse rett før servering.
pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær Pavlova i langpanne med lakris, sjokoladekrem og jordbær

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.