![rekesuppe](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0003-1000x620.jpg)
Rekesuppe
Rekesuppe er absolutt best med reker som du reinskar sjølv, og det gjer du lett medan grønsakene kokar seg møre. Med god buljong i botnen får du gode smakar, som er med på å løfte suppa dei gongane du ikkje har kraft liggande klar i frysaren.
Har du lyst å tilsetje fisk i terningar er det berre å ha den i på slutten saman med rekene.
![reker suppe](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0015-1024x680.jpg)
Uansett kvar versjon du vel å lage er det alltid godt å få servert eit godt brød med godt med smør på til ei god suppe. Håper suppa fell i smak!
![reke suppe](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0006-1024x680.jpg)
Rekesuppe til 3-4 personar:
- 1 løk
- 2 fedd kvitløk
- 1 søtpotet
- 2-3 gulrot
- 3-4 poteter
- 1,5 kg reker med skall
- 2 vårløk
- 2 ss grønsaksbuljong
- 3-4 ss creme fraiche
- 5-7 dl vatn
- salt og peppar
- 1 ss rapsolje
![rekesuppe](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0003-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Skrell og del søtpotet, gulrot, poteter, løk og kvitløk i bitar.
- Fres løken til den blir blank.
- Ha i kvitløk, søtpotet, gulrot og poteter og strø over grønnsaksbuljongen.
- Hell over vatnet og kok opp. La småkoke i 10-15 min.
- Reins rekene og del vårløken i bitar medan suppa kokar.
- Rør inn creme fraiche og ha i reker og vårløk.
- La trekke i 5 min, til rekene er gjennomvarme.
- Smak til med salt og peppar og server med godt brød til.
![suppe fisk reke](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0021-1024x680.jpg)
![fiskesuppe med reker](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/02/20160223-DSC_0010-1024x726.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.