Vekemeny 42
Vekemeny 42 er med dette klar, så håper eg du finn noko du har lyst til å lage og setje på bordet.
Mandag
Panert torsk med steikte søtpoteter og rømmedressing
Torsk er så fin kvardagsmiddag! Den treng ikkje mange minutta i panna før den er ferdig, og er i tillegg både sunn og god. Her i heimen blei heimelaga fiskepinnar… Fortsett å les »
Tysdag
Kikert-pannekaker (utan egg, mjøl eller mjølk)
Desse kikert-pannekakene er supre å lage om du har nokon som må ha glutenfritt, mjølkefritt eller utan egg. Eller om du vil ha ekstra proteinrike pannekaker. Den essensielle ingrediensa er… Fortsett å les »
Onsdag
Krema blomkål- og potetgrateng
Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »
Torsdag
Gratinert lapskaus
Gratinert lapskaus er perfekt kvardagsmat som krev få ingrediensar. Ei frosen lapskausblanding frå frysedisken, nokre pølser, poteter og mjølk spelar hovudrollene. Kjapt forklart freser du lapskausblandinga og pølsene i ei… Fortsett å les »
Fredag
Loaded Veggie Nachos
Knasande nachos med flust av gode smakar på toppen er det vel ingen som seier nei takk til? Denne retten er kjapp å snekre saman og populær å setje på… Fortsett å les »
Laurdag
Makaroni og kinakålsalat
Makaroni og kinakålsalat er knasande sprø og perfekt tilbehør til grillmat. Med god smak frå eple, stangselleri og rosiner i tillegg til knasande kål er dette lett å like. Dressingen… Fortsett å les »
Søndag
Chiligryte med chorizo og sjokolade
Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter
Eltefri fullkornrundstykker med valnøtter er litt grovare enn dei andre versjonane her på bloggen med fullkornkveitemjøl i seg, men deilig saftige på grunn av valnøttene i deiga. Valnøttene gir også… Fortsett å les »
Noko godt
Glutenfri nøttegranola
Glutenfri nøttegranola har fått meg på granola-kjøret igjen, etter ei lang omelett-pause… Eg kom over ei oppskrift med crunchy granola, og kunne ikkje få laga den raskt nok! Eg har… Fortsett å les »
Vekas kake
Prinsessekake
Trudde du at Prinsessekake var ei kake med ei prinsesse/barbie i midten og marsipankaka som skjørt rundt? Her får du den andre Prinsessekaka; kanelsnurrar med vaniljekrem i ei kakeform. Nydeleg!… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.