Chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange nysgjerrige, så her er heile oppskrifta. Sjokolade er ikkje noko nytt i chiligryte, det er ofte «den hemmelege ingrediensen» for god smak. Det søte og litt bitre gir fin fylde til gryta. Og kanskje eit hint mørkare farge?

chiligryte med chorizo og sjokolade Chiligryte med chorizo og sjokolade

chiligryte med chorizo og sjokolade

Røykt paprika gir ein god smak på gryterettar, men med tomt glas i krydderhylla måtte vi prøve noko anna. Løysinga blei chorizopølse, som har nettopp røykt paprika i seg. Det blei nydeleg godt! Det skal ikkje så mykje til av verken krydderet eller chorizopølse for at du kjenner smaken, så hald igjen på mengda. Det skal vere eit hint av røyksmak, smaken skal ikkje overdøyve alt anna.

chiligryte med chorizo og sjokolade

Til gryta smakar det alltid godt med tortillachips, ein skvis lime og gjerne litt rømme. Håper du fekk lyst å prøve. Her er oppskrifta!

 

Oppskrift på Chiligryte med chorizo og sjokolade

4 porsjonar / Tid: 30-40 min

  • 400 g kjøttdeig
  • 1 ss rapsolje
  • 1/2 løk
  • 1 rødløk
  • 3 fedd kvitøk
  • 2 ss chorizopølse i bitar
  • 2 ts spisskummen
  • 1 ts oregano
  • 1/2-1 ts chiliflak/chilipulver
  • 2 x 400 ml hermetiske tomatar
  • 1 kartong kidneybønner
  • ca 3 dl kyllingkraft el. vatn + buljong
  • 1 ts salt
  • 2 ruter mørk sjokolade

Serverast med

  • Limebåtar
  • Tortillachips
  1. Varm oljen og brun kjøttdeiga i ei gryte med tjukk botn.

  2. Ha i løk og rødløk og la steike med til løken er blank. Tilset finhakka kvitløk, chorizopølse og kryddera, steik vidare i 2-3 minutt.

  3. Hell over hakka tomat og kraft (eller vatn + buljong) og kok opp.

  4. Skyl bønene i eit dørslag og ha desse i gryta.

  5. Ha i salt og mørk sjokolade og la gryta koke i minst 20 minutt slik at smakane får utvikle seg. Kok utan lokk, slik at noko av væska fordampar.

  6. Smak på gryta før servering og ha eventuelt i meir chili og salt om det trengst.

  7. Server chiligryta med limebåtar og tortillachips til. Og så kanskje ei skål rømme ved sidan om det blei litt futt i den?;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.