Glutenfri nøttegranola

granola

Glutenfri nøttegranola har fått meg på granola-kjøret igjen, etter ei lang omelett-pause… Eg kom over ei oppskrift med crunchy granola, og kunne ikkje få laga den raskt nok!

Eg har justert og lagt til mine favorittar, og resultatet er knasande sprø og nydeleg granola som like gjerne kan etast som  kveldssnack som til frukost. Min favoritt er med gresk yoghurt og pasjonsfrukt til! Mmmmm!

nøttegranola

Til eit-to steikebrett med glutenfri nøttegranola treng du:

  • 5 dl (200 g) valnøtter
  • 5 dl (200 g) rå cashewnøtter
  • 2,5 dl solsikkekjerner
  • 1 dl chiafrø
  • 2,5 dl rosiner
  • 2,5 dl graskarkjerner
  • 2,5 dl bokkveite (bokhvete/buckwheat)
  • 75 g honning
  • 1 klype salt
  • 1 eggekvite
  • 2 ss vatn
  • 3 ss extra virgin kokosolje
glutenfri granola

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 130 grader varmluft.
  2. Hakk valnøtter og cashewnøtter i småbitar.
  3. Rør saman alt det tørre.
  4. Ha i honning og bland godt.
  5. Visp eggekvita litt med ein gaffel og bland i vatn og olje.
  6. Rør inn det våte og spre blandinga ut over eit eller to steikebrett kledd med bakepapir.
  7. Steik i ca 1 time, avhengig av om du brukar eitt eller to steikebrett, til blandinga er sprø. Rør nokre gongar undervegs.
  8. Avkjøl og oppbevar på glas.
  9. Server med cultura/gresk yoghurt og frisk frukt.
paleo granola glutenfri nøttegranola

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.