Kjøleskapsgraut med havregryn og chia

Denne frukosten her er ein favoritt å ta med dei dagane ein ikkje har lyst på frukost med det samme, eller tida ikkje strekk til. Du rører enkelt saman alt kvelden før, og har klar til kjappe kvardagsmorgonar. Du kan toppe med bær, frukt eller granola.

I denne versjonen har eg pynta med friske jordbær og nøtter, og fryste blåbær. Med frosne bær held nemleg grauten seg kald ein time eller to medan den ligg i veska. Eit lite triks der altså.

Kjøleskapsgraut med havregryn og chia



Andre favoritt-toppingar er:

  • Mango
  • Eple og eit dryss kanel
  • Fersken
  • Bringebær

Eller kanskje vil du ha noko heilt anna? Granola eller nøtter som gir litt krønsj er alltid godt, og vil du ha det søtare så funkar det fint med lønnesirup eller honning på toppen av det heile. Enjoy!

Oppskrift på Kjøleskapsgraut med havregryn og chia

1 porsjon / Tid: 5 min

  • 1 dl havregryn
  • 1,5 dl (havre)mjølk
  • 1 ss gresk yoghurt
  • 1 ss chiafrø
  • 1 ss lønnesirup
  1. Rør saman alle ingrediensane i eit glas, set på lokket og oppbevar i kjøleskap til du er svolten (gjerne over natta).

  2. (Spe med litt meir mjølk om det trengst). Topp med friske bær og nøtter.

  3. Ta med på farten eller nyt med det samme.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.