Bakt havregraut

Ein favoritt i heimen når ein gjerne kan vente litt på frukosten er bakt havregraut. Heile huset endar opp med å lukte som nybakte havrekjeks, og sjølve frukosten smakar nesten som det den også. Det er vel ikkje ein verst start på dagen?

Grauten rører du kjapt saman før du steiker den, eller du kan lage den klar dagen i førvegen og steike den om morgonen. Er du tidleg oppe rekk du faktist å steike den, la den avkjøle og ta den med på jobb for ekstra digg sein frukost/lunsj. Eller kanskje som niste på tur?

Bakt havregraut

bakt havregrøt

På toppen av den bakte havregrauten kan du pynte med friske bær, syltetøy, nøttesmør, sjokoladepålegg eller yoghurt. Her er det berre å prøve seg fram og finne din favoritt. Min favoritt ser du på biletet, med yokos, peanøttsmør og friske bær. Mmmm!

Vi brukar stort sett små enkeltformer i glas som har tilhøyrande lokk til, men det er ingenting i vegen for å lage ein stor porsjon i ei stor eldfast form. Tilpass steiketida etter storleiken og prøv deg fram for å få ein nydeleg frukost til storfamilien.

Denne oppskrifta har ikkje most banan i seg, så om du er som meg og gjerne synest det blir litt for søtt så prøv denne med yoghurt i staden. Du kan velje sjølv kva type du likar best, min favoritt er gresk yoghurt eller yokos.

Oppskrift på Bakt havregraut

1-2 porsjon / Tid: 30 min

  • 1 dl havregryn
  • 0,5 dl (havre)mjølk
  • 3 ss yoghurt
  • 0,5 ts vaniljesukker
  • 0,5 ts bakepulver
  • 1 ts lønnesirup
  • 1 klype salt
  • 1 ss hakka mørk sjokolade
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Rør saman alle ingrediensane i ei eldfast form. Spar gjerne litt av sjokoladen og strø den på toppen.

  3. Steik midt i omnen i ca 20 minutt.

  4. Avkjøl og nyt som den er eller topp med dine favorittar. Her har eg brukt yoghurt, peanøttsmør og bær.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.