![krema blomkål](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/09/20160906-DSC_1522-1000x620.jpg)
Krema blomkål- og potetgrateng
Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er rask og enkel å lage, og står på bordet på ein halvtime.
![krema blomkål- og potetgrateng](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/09/20160906-DSC_1509-1024x684.jpg)
Eg nytta kalde poteter frå gårsdagens middag i denne, og det er det aller enklaste. Om du ikkje har kalde restepoteter liggande kan du fint skippe den ingrediensa, eller så kan du dele potetene i terningar og la dei koke med blomkålen. Poteter i terningar treng som regel ikkje meir enn ti minutt koketid før dei er klare dei også.
![krema blomkål](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/09/20160906-DSC_1522-1024x684.jpg)
Når du blandar saman kan du gjerne vere raus med salt og peppar, det gjer berre denne retten ekstra god!
Håper det fell i smak, velbekomme!
![blomkål grateng](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2016/09/20160906-DSC_1533-1024x684.jpg)
Oppskrift på Krema blomkål- og potetgrateng
- 1 blomkål
- 4 små kokte poteter
- 1/2 ts sennep
- 150 g kremost naturell
- 2 dl riven mozzarella og cheddar ost
- 2 knekkebrød
- salt og peppar
Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
Kok opp ei kasserolle med lettsalat vatn.
Del blomkålen i små bukettar, og stilken i små bitar.
Kok blomkålen medan du gjer klar resten, ca 5 minutt.
Rør saman kremost, sennep, halvparten av osten, salt og peppar.
Del dei kokte potetene i terningar.
Hell av kokevatnet på blomkålen og la dei dampe av seg.
Grovhakk knekkebrøda.
Vend saman kremostblandinga med blomkål, poteter og knust knekkebrød.
Ha over i ei eldfast form og strø over resten av osten.
Gratiner i omnen til osten er gyllen, det tek ca ti minutt.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.