Prinsessekake

prinsessekake

Trudde du at Prinsessekake var ei kake med ei prinsesse/barbie i midten og marsipankaka som skjørt rundt? Her får du den andre Prinsessekaka; kanelsnurrar med vaniljekrem i ei kakeform. Nydeleg!

Eg brukte den vanlege Schakenda-kanelsnurroppskrifta og laga i tillegg eit lite brett med kanelsnurrar som vi kunne ete medan vi venta på kaka.

prinsessekake

Du treng:

Kanelsnurrar

  • 1 kg kveitemjøl
  • 5 dl lunka H-mjølk
  • 150 g sukker
  • 1 ts salt
  • 1 ts kardemomme
  • 1 egg
  • 1 pk tørrgjær
  • 150 g smør i terningar

Fyll

  • Smør
  • Kanel
  • Sukker

Vaniljekrem

  • 5 eggeplommer
  • 4 ss sukker
  • 2,5 dl mjølk
  • 3 ts maizena
  • 1 ts vaniljesukker

Topping

  • Melis
  • Mandelskiver

kvardagsmat

Slik gjer du:

Kanelsnurrar:

  1. Ha alle ingrediensane til kanelsnurrane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
  2. Ha i smøret og elt vidare i ca 10 min.
  3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar. I mellomtida lagar du vaniljekremen (sjå under).
  4. Smør ei rund kakeform og trykk uttover litt av deiga (på størrelse med ei stor appelsin) slik at botnen er dekka. Ha vaniljekremen over.
  5. Kjevle resten av deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
  6. Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
  7. Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei opp i kakeforma. Fyll opp, men la det vere litt rom mellom dei. Dei kanelsnurrane du får til overs legg du på bakepapirkledd steikebrett. Dekk begge deler med plast og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
  8. Set steikeomnen på 180 grader. Pensle med egg og steik brettet med kanelsnurrane først. Midt i omnen i 15-20 min.
  9. Pensle Prinsessekaka med egg og strø over mandelskiver. Steik på nederste rille i 50-60 min. Etter halve steiketida kan det vere lurt å legge eit bakepapir over for å ikkje få brent topp og rå kake.
  10. Avkjøl på rist før du forsiktig losnar forma.
  11. Bland melis med litt vatn og ha over til pynt. Klar til servering:)
vaniljekrem

Vaniljekrem:

  1. Ha alle ingrediensane i ei kasserolle.
  2. Visp kraftig til det kokar opp.
  3. Avkjøl.
prinsessekake

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.