Makaroni og kinakålsalat

Makaroni og kinakålsalat er knasande sprø og perfekt tilbehør til grillmat. Med god smak frå eple, stangselleri og rosiner i tillegg til knasande kål er dette lett å like. Dressingen er laga av majones og rømme krydra med italienska smakar som passar godt både til kjøt, kylling eller pølser.

makaroni og kinakålsalat

Makaroni og kinakålsalat

Kinakål har eg som nemt hatt eit litt turbulent forhold til siste åra, som du kan lese om over oppskrifta på Tacosalat med kylling. Men sidan den funka så fint der, så har eg turt å bruke den i fleire andre rettar siste tida. Makaronisalaten liknar på tacosalaten på fleire måtar, men her er det italienske smak med basilikum og oregano i staden for spisskummen. Friskt og godt!

makaroni og kinakålsalat

På toppen av det heile har eg pynta med mandelflak for litt knas, men dette kan du sløyfe heilt eller bytte ut med pinjekjerner om du ikkje toler mandlar. Litt ulike teksturar på ingrediensane er alltid godt.

TIPS: bruk glutenfri makaroni for å få glutenfri salat.

makaroni og kinakålsalat

Oppskrift på Makaroni og kinakålsalat

4-6 porsjonar / Tid: 30 min

Salat

  • 4 dl makaroni
  • 1 kinakål
  • 3-4 stenger selleri
  • 2 raude epler
  • 2 dl rosiner
  • 1 dl mandelflak

Dressing

  • 2 dl rømme
  • 1,5 dl majones
  • 1 ts eplecidereddik
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • 1/2 ts salt
  1. Kok makaroni etter oppskrift på pakken. Hell av kokevatnet og skyl makaroniene i kaldt vatn. La renne godt av seg i eit dørslag.

  2. Rør saman dressingen og ha den i botnen av ein stor bolle.

  3. Skyl og del kinakål, stangselleri og epler i bitar. Vend inn i dressingen i lag med makaronien.

  4. Strø over rosiner og mandelflak og vend lett inn. La gjerne litt av det ligge igjen på toppen som ekstra pynt. Oppbevarast i kjøleskap fram til servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.