Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho «rørte saman» salaten medan vi kom og sette oss ned, og det heile verka så ukomplisert og enkelt. Og så er den litt retro og kul då. Med kinakål!

tacosalat
Kinakål, kinakål, kinakål. Det var overload av kinakål for nokre år sidan. Det var det einaste vi fekk servert som salat, før den meir trendy isbergsalaten tok over og fekk hovudrolla i alle salatar. No er det heldigvis meir vanleg å få ei blanding av ulike salatblader i ein salat, og utvalet på butikkane er stort. Då blir det greitt å ete kinakål igjen. Når ein kan velje å ete det. Og kinakål i tacosalat er sprøtt og knasande godt!

Tacosalat med kylling

tacosalat

I salaten skal det vere kyllingkjøt. Kva slags kyllingkjøt du vel å bruke er heilt opp til deg. Sidan eg er over gjennomsnittet glad i å lage kraft er det heil økologisk kylling som er favoritten bruke her. Då heilsteiker eg kyllingen i omnen først, og peller så av alt (les: det meste) av kjøtet. Skroget går i gryta og blir deilig helsefremjande kyllingkraft.

tacosalat med kyllingDenne tacosalaten er enkel å lage til mange og blei servert i selskap hjå oss for noko sidan. Då var det nachos og brød til. Utan pasta i er nemleg salaten naturleg glutenfri, og dermed glimrande å servere i selskap med ulike gjestar og behov.

Tips: Vil du lage ein vegetarisk versjon kan du bruke kokte kvite bønner på kartong eller «liksom-kylling-kjøtt» som du finn i kjøledisken på butikken. Det er også mogleg å gjere heile retten vegansk ved å bruke veganske variantar av majones, rømme og ost om du ønsker det.

Treng du meir inspo til gode salatar du kan lage? Sjekk ut denne tavla på pinterest!

Oppskrift på Tacosalat med kylling

4 porsjonar / Tid: 15 min + steiking av kylling

Salat

  • 1 kinakål
  • 1 purre
  • 1 boks mais
  • 1 raud paprika
  • ca 400 g steikt kylling
  • 2 dl riven ost

Dressing

  • 3 dl rømme
  • ca 150 g majones
  • 2 ss tacokrydder
  • litt salt og pepar
  1. Del og riv kyllingen i mindre bitar.

  2. Rør saman dressingen.

  3. Vask og tørk salat og grønsaker godt, del dei så i små bitar.

  4. Vend salaten inn i dressingen og smak til med salt og pepar.

  5. Servér tacosalat med nachochips til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.