Vekemeny 23
Hei søndag og hei ny veke! Juni er i gong og det betyr at sommaren er her på ekte. Jippi! Her får du denne vekas forslag. Ha ei fin veke!
Mandag
Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær
Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær er ein ny vri på den populære brokkolisalaten. Denne gongen er salaten laga heilt utan majones og rømme, og kan kanskje reknast som litt sunnare…. Fortsett å les »
Tysdag
Lasagne
Lasagne er populært både hjå små og store, og er genialt å servere når du skal ha gjestar til middag. Vi lagar alltid dobbel porsjon, og inviterar enten på middag… Fortsett å les »
Onsdag
Bakt søtpotet med kikerter
Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskegrateng med spinat og parmesan
Fiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande… Fortsett å les »
Fredag
Cashewnøttpizza med kjøttbollar
Det har gått omlag akkurat eitt år sidan eg slutta å ete gluten, og det har gått heilt strålande. Med eitt unntak… eg saknar pizza! Før laga vi stort sett… Fortsett å les »
Laurdag
Blomkålvingar
Blomkålvingar er ein av dei beste måtane å servere blomkål på. Utan tvil! Det er ikkje vanskeleg å lage heller, men blomkålen må få litt tid i omnen før det… Fortsett å les »
Søndag
Heilsteikt kylling med sitronsmør og rotgrønsaker
Heilsteikt kylling er nydeleg men best av alt: superenkelt å lage! Det einaste den treng er litt tid i omnen, så her er det berre å klargjere fuglen og la… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Brytebrød med havregryn
Brytebrød med havregryn er eigentleg rundstykker med havregryn, steikt på ein litt finare måte. Sidan det er jul og all ting! Eg nytta ei vanleg rund kakeform på 24 cm,… Fortsett å les »
Noko godt
Cottage Cheese lappar
Cottage Cheese lappar er populært som kveldsmat og frukost her i heimen. Aller helst med nyrørt blåbærsyltetøy eller friske bær. Eller med lønnesirup eller honning for kidsa. Servert lune er… Fortsett å les »
Vekas kake
Mokkaiskake med sjokolade og marengs
Mokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe «Ca Phe Da» og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.