Reklame

Blomkålvingar

Blomkålvingar er ein av dei beste måtane å servere blomkål på. Utan tvil! Det er ikkje vanskeleg å lage heller, men blomkålen må få litt tid i omnen før det heile er klart til servering. Nydeleg sprø og sticky utanpå, og mjuk og god inni. Er det berre små blomkål å finne på butikken? Då anbefalar eg at du plukkar med deg to! For dette forsvinn fort.

blomkålvingar

Blomkålvingar

Eg har brukt røykt paprika, sidan det er å finne i krydderskuffa mi. Har du ikkje den røykte versjonen så kan du bruke vanleg paprikakrydder i staden. Kryddera kan du sjølvsagt eksperimentere med slik du vil, her får du ein av mine favorittar.

blomkålvingar

Til blomkålvingane serverer eg her dipp laga av cashewnøtter, men om du vil bruke rømme med litt krydder i staden så kan du fint gjere det. Alt er lov, og nesten alt er godt til dette!

blomkålvingar

Oppskrift på Blomkålvingar

2-3 porsjonar / Tid: 60 min

Blomkålvingar

  • 1 blomkålhovud
  • 1,5 dl mjøl (gjerne glutenfritt)
  • 2 dl (plante)mjølk
  • 1 ts løkpulver
  • 1 ts røykt paprika
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts kvitløkspulver
  • 1 ts salt
  • 1 klype chili

Glasering

  • 3 ss lønnesirup
  • 1 ts Helios tamari (soyasaus)
  • 1 ts sesamfrø
  • 1 ts riven ingefærrot
  • 1/4 ts pepar

Cashew-dipping

  • 100 g Helios cashewnøtter
  • 6-7 ss vatn
  • 1 ss sitronsaft
  • 1 klype salt
  • Litt nykverna pepar
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme. Del blomkål i bukettar og fordel utover eit bakepapirkledd steikebrett.

  2. Steik blomkålen i 20 minutt.

  3. Visp saman mjølk, mjøl og krydder i ei flat skål.

  4. Dypp dei omnsbakte blomkålbukettane i røra, og legg tilbake på steikebrettet. Steik i nye 20 minutt.

  5. Rør saman ingrediensane til glaseringa, ingefærrota riv du på eit zesterjarn eller eit lite rivjarn. Pensle blomkålbukettane med glasering og steik i 5-7 minutt til.

  6. Lag cashewdipping ved å køyre saman bløytlagde cashewnøtter med resten av ingrediensane i ei matmølle. Har du gløymt å bløytlegge nøttene kan du koke dei i ti minutt og så skylle dei i kaldt vatn i staden.

  7. Nyt blomkålvingar og dip med det same!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.