Fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegraten med spinat og parmesanFiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande inn i denne middagsretten.

Fiskegrateng går fint å lage ein heilt vanleg kvardag, det tek ikkje lange tida, men det er enda meir genialt å lage klar kvelden før og så berre steike når familien kjem heim frå jobb, barnehage og skule. Eg lagar gjerne ein stor porsjon når eg først er i gong, og så et vi fiskegrateng to dagar på rad;)

Fiskegrateng med spinat og parmesan til 4 personar:

  • 400 g torsk
  • 200 g frossen spinat
  • 100 g makaroni fullkorn
  • 2 vårløk
  • 2 ss smør
  • 2-3 ss kveitemjøl
  • 4-5 dl mjølk
  • 50 g parmesan
  • 3 egg
  • 3 knekkebrød
  • 1 klype muskat
  • salt og peppar
kvit saus fiskegrateng med spinat og parmesan Spinatgrateng

Slik gjer du:

  1. Kok opp lettsalta vatn. La torsken trekke 3-4 min til den flakar seg. Smuldre den i mindre bitar og ha den i ein bolle.
  2. Lag kvit saus ved å smelte smør og røre inn kveitemjølet. Spe med mjølka litt og litt, la det koke opp mellom kvar gong og rør kraftig for å unngå klumpar. La koke nokre minutt for å unngå mjølsmak. Smak til med muskat, salt og peppar.
  3. Hakk vårløk og bland inn i fisken saman med ukokt makaroni og spinat.
  4. Set den kvite sausen til side for litt avkjøling. Riv parmesan over og rør inn.
  5. Rør inn egga i sausen.
  6. Vend sausen inn i fisken, vårløken, makaronien og spinaten.
  7. Ha over i ei eldfast form. Knus knekkebrød og ha over.
  8. Steik midt i omnen på 200 grader i ca 40 min.

Velbekomme:)

fiskegrateng med spinat og parmesan

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.