Reklame

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær er ein ny vri på den populære brokkolisalaten. Denne gongen er salaten laga heilt utan majones og rømme, og kan kanskje reknast som litt sunnare. Bonusen er at salaten då blir vegansk, om du må eller vil ta omsyn til det. Det er alltid kjekkast når alle gjestar har noko å ete, og då er det denne du skal ta med på grillfesten!

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Tahini er laga av sesamfrø, omlag på same måte som ein lagar peanøttsmør av peanøtter eller mandelsmør av mandlar. Sesamfrøa skal bløytleggast, ristast og bli malt til paste. Då har du tahini. Men heldigvis gjer nokon dette for deg, og du får kjøpt tahini på større matbutikkar eller helsekost. Eit glas held seg lenge, så her er det berre å kjøpe med og sette i kjøleskapet.

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Sidan ingenting skal kokast eller steikast er det berre å røre saman dressingen og kutte opp grønsakene. Fisk ferdig salat på 10-15 minutt. Perfekt grilltilbehør, eller som ein eigen rett til å ta med i parken. Eg har brukt nydelege tranebær i denne oppskrifta, men har du ikkje det kan du bruke rosiner i staden. Det er heilt lov å eksperimentere og prøve dine favorittar:)

Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

Oppskrift på Brokkolisalat med tahinidressing og tranebær

4 porsjonar / Tid: 20 min

Brokkolisalat

  • 1 brokkoli
  • 2 vårløk
  • 1 korianderplante
  • 100 g Helios tranebær
  • 1 dl mandelflak

Tahinidressing

  • 3 ss tahini
  • 4 ss olivenolje
  • 1/2 sitron
  • 2 ss lønnesirup (eller honning)
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ts flaksalt
  • 1/4 ts pepar
  1. Finhakk kvitløken og bland saman med resten av dressing-ingrediensane.

  2. Del brokkolien i små bukettar, og del stilken i terningar.

  3. Del vårløk i ringar og finhakk koriander.

  4. Bland saman alt med dressingen og server brokkolisalaten med det same, eller oppbevar den i kjøleskap fram til servering. Den held seg eit par tre dagar.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.