Cashewnøttpizza med kjøttbollar

cashewnøttpizza med kjøttbollar

Det har gått omlag akkurat eitt år sidan eg slutta å ete gluten, og det har gått heilt strålande. Med eitt unntak… eg saknar pizza! Før laga vi stort sett alltid pizza på fredagar og det enkle ukompliserte greiene når det berre var å røre saman ei deig med litt kveitemjøl og nokre få andre ingrediensar, hente ei boks tomatsaus frå frysaren og vips setje pizzaen på bordet -var ei fryd.

No krev det heile litt meir arbeid synest eg, men det finnast liksom ikkje noko alternativ. Pizza MÅ ein ha…! Etter å ha prøvd botn laga av blomkål, squash og mandlar er dette den versjonen eg synest funkar best, og som liknar mest på kveitemjølpizza utan dei plagene som den gir enkelte av oss. Og når eg først går i gong, så rører eg like godt i saman i allefall to botnar og steiker. Den andre blir avkjølt og går i ein stor ziplock-pose frå IKEA (med bakepapiret på), klar for enkel og rask løysing neste gong eg får lyst på pizza. Det fine med denne botnen er at den ikkje treng å heve, så alt i alt går det vel omlag like raskt å få den på bordet.

Men uansett kva type pizza du skal servere, høyr dette: Server pizza saman med ruccola eller ein enkel grøn salat. Det smakar såå mykje betre!

kverna cashewnøtter

Til 1 botn treng du:

  • 100 g rå cashewnøtter
  • 50 g mandelmjøl (eller kverna mandlar)
  • 50 g kokosmjøl
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 ts natron
  • 2 egg
  • 1/2 ts eplecider-eddik (eller noko anna surt for å få futt i natronen)
  • 2 1/2 ss olivenolje
  • 2-3 ss kaldt vatn
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano

Topping:

(eller det du måtte like av pizzatopping)

usteikt pizzabotn cashewnøtt pizza

Slik gjer du:

  1. Set steikeomnen på 200 grader med eit brett inni.
  2. Kvern nøttene til mjøl.
  3. Bland alt det tørre i ein bolle.
  4. Ha i egga og det våte og kjør raskt saman med ei kjøkkenmaskin eller elt saman for hand.
  5. Smør utover eit bakepapir. (Å bløyte henda med vatn og klappe den utover funkar fint).
  6. Steik i 10-15 min (følg med!) til kanten er gyllen.
  7. Smør på pizzasaus, legg på kjøttbollar og strø over ost.
  8. Steik i 5-10 min, til osten har smelta og alt er varmt.
  9. Server med ein grøn salat.
glutenfri pizza

 

Denne oppskrifta er inspirert av Against All Grain sin pizza som du finn her.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.