Cottage Cheese lappar

Cottage Cheese lappar er populært som kveldsmat og frukost her i heimen. Aller helst med nyrørt blåbærsyltetøy eller friske bær. Eller med lønnesirup eller honning for kidsa. Servert lune er det nesten som dessert å rekne!

Cottage Cheese lappar

Cottage Cheese lappar

Cottage Cheese lappar

Å leite fram steiketakka for å steike dei blir litt stress synest eg. Desse kan du enkelt steike i steikepanne, eller i to steikepanner samtidig om det skal gå kjappare. Pass på at du ikkje lagar lappane for store, 1 ss med røre er nok for ein lapp.

Om du ikkje brukar opp all røra kan den fint stå i kjøleskapet til dagen etter. Då blir det endå enklare å vere populær mor som diskar opp med god frukost eller kvelds. Eller så kan ein jo berre steike til seg sjølv og ikkje nemne det for kidsa;)

Cottage Cheese lappar

Oppskrift på Cottage Cheese lappar

2 porsjonar / Tid: 20 min

  • 2 egg
  • 4-5 ss cottage cheese
  • 1 ss fiberhusk/loppefrøskall
  • 3 ss havregryn
  • 1/2 ts bakepulver
  • 1 ss sukker/kokosblomstsukker
  • smør til steiking
  1. Kjør alt glatt med ein stavmiksar, eller bland godt saman for hand.

  2. La røra svelle i ti minutt.

  3. Smelt smør i ei steikepanne og steik små lappar. Bruk maks 1 ss røre for å lage ein lapp.

  4. Nyt med friske bær og honning.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.