Vekemeny 15

April er i gong og det nærmar seg min favorittmånad over alle. Jepp, du har gjetta rett. Kom mai du skjønne milde. Utemøblane kan begynne å få kome fram, grillen kan gjerast klar og kveldane blir lange. Grillmat på menyen gjer alle glade!

Men før den tid er det nokre veker til med matlaging innandørs. Og ein kan jo heldigvis trylle fram mykje godt då også.

Denne veka er det mandagens oppskrift som får vist seg fram i filmversjon. Sjekk ut steg for steg videoen her:

Mandag

søtpotet- og linsegryte med spinat

Søtpotet- og linsegryte med spinat

Søtpotet- og linsegryte med spinat er nydeleg på smak og lett å trylle fram. Ingrediensane er slike som eg gjerne har tilgjengeleg i kjøkkenskapet. Og då kan denne gryta enkelt… Fortsett å les »

Tysdag

steikt skrei

Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter

Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter har alt ein fiskerett skal ha. Gode smakar og krønsj på toppen. Når søtpotetene får seg ei runde inn i omnen som dette… Fortsett å les »

Onsdag

wok

Spicy svinewok

Wok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like? I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i… Fortsett å les »

Torsdag

Frittata

Frittata kan funke både som frukost, lunsj, middag eller kvelds og kan lagast av nesten kva det skulle vere. Du treng egg og kokte poteter, og difor er denne retten… Fortsett å les »

Fredag

tex-mex

Tex-mex form med bønner og ris

Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »

Laurdag

Hamburger med tomatsalsa og pommes frites

Heimelaga hamburger og pommes frites slår all gatekjøkken mat du har ete, og hamnar på lista over noko du kunne bestilt på ein god restaurant. Du kan gjere mykje klart… Fortsett å les »

Søndag

lam

Braisert lammeskank med marokkansk curry

Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Baguette

Til to stk treng du: 500 g kveitemjøl 1 ts salt 1 ts sukker ½ pk tørrgjær 4 dl lunka vatn Slik gjer du: Rør saman alle ingrediensane, set på… Fortsett å les »

Noko godt

avokadokrem med bær

Avokadokrem med bær

Dette er min nye favoritt til frukost. Om du følgjer kvardagsmat på instagram, har du nok allereie sett fleire versjonar av denne, og fleire kjem det nok. Avokado og kokosmjølk… Fortsett å les »

Vekas kake

ice cake

Mokkaiskake med sjokolade og marengs

Mokkaiskake med inspirasjon frå Vietnam sin nydelege iskaffe “Ca Phe Da” og Mat På Bordet si nydelege bringebæriskake. I begge to finn du nemleg søt kondensert mjølk som blir omtala som… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her!