Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter
Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter har alt ein fiskerett skal ha. Gode smakar og krønsj på toppen. Når søtpotetene får seg ei runde inn i omnen som dette blir smaken på mosen fantastisk god. I tillegg gir det deg nokre ekstra minutt ledig der du kan rydde opp på kjøkkenet eller dekke på. Slike minutt er gull på ein ettermiddag.
Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter
Etter ei veke i Miami har det blitt heilt naturleg for meg å servere avokado til alt… Plutseleg var det den mest naturlege ting i verda at denne fiskeretten skulle ha ein avokado på sida. Avokado passar jo til alt! Er du ikkje enig kan du sjølvsagt sløyfe den, eller erstatte den med kokte erter eller noko anna grønt. Dette er opp til deg å avgjere;)
Her finn du andre rettar du kan lage med skrei.
Oppskrift på Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter
- 400 g skrei/torsk
- 2 ss nøytral olje
- 3-4 ss smør
- 1 skvis sitronsaft
- 2 store søtpoteter
- 2 gulrøtter
- 1 sjalottløk
- 1 ss olivenolje
- 1 ts salt
- ca 2 dl vatn el. grønsakskraft
- 1-2 avokado
- 2-3 ss hasselnøtter
Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
Skrell og del søtpotet og gulrot i terningar. Skrell og del sjalottløken i 4 båtar. Legg i ei eldfast form og ringle over olivenolje og salt. Steik midt i omnen til søtpotetene er mjuke, ca 25 minutt.
Rist hasselnøtter i ei tørr steikepanne til det luktar godt av nøtter. Legg så til side og grovhakk når dei er avkjølte.
Varm oljen i panna og steik fisken på ei side til den er godt bruna. Snu den og steik ferdig på andre sida. Smelt smøret i panna og aus over fisken medan den steiker saman med ein skvis sitron.
Del avokado i to og fjern steinen. Skjær skiver med ein kniv og bruk ei spiseskei til å ta den ut av skalet.
Mos søtpotetene, gulrøttene og sjalottløken med ein stavmiksar. Hell på med vatn eller grønsakskraft som du har varma opp til du får passe konsistens. Rør inn saltet.
Servér steikt skrei på toppen av søtpotetmos, med hasselnøtter og smelta smør på toppen. Og avokadoen ved sidan av, om du synest avokado går til alt slik som meg;)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.