Frittata

frittataFrittata kan funke både som frukost, lunsj, middag eller kvelds og kan lagast av nesten kva det skulle vere. Du treng egg og kokte poteter, og difor er denne retten gull å lage av restemat. Gå på jakt i kjøleskåpet ditt og leit opp gode ingrediensar du kan bruke, her får du min versjon.

poteter omelettTil 2-4 personar treng du:

  • 6-8 egg
  • 1 dl mjølk (eller creme fraiche/rømme/fløyte)
  • 6-8 kokte poteter
  • 3 aromasopp
  • 1 rødløk
  • 100-150 g spinat
  • 1 fedd kvitløk
  • salt og peppar
  • ost til toppen (mozzarella el.l.)
  • litt nøytral olje til steiking
restemat stekt rødløk

sopp poteterSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over-og undervarme.
  2. Del potetene i terningar, rødløken og soppen i skiver/bitar og finhakk kvitløken.
  3. Vask og tørk spinaten.
  4. Ha litt nøytral olje i ei steikepanne som toler steikeomn, og fres løk, kvitløk og spinat til spinaten fell saman.
  5. Ha over poteter og sopp, krydre raust med salt og peppar.
  6. Legg over riven ost og hell samanvispa egg og mjølk over.
  7. La steike på middels høg varme i 3-4 minutt før du set heile steikepanna inn i omnen.
  8. La steike midt i omnen i 15-20 min, til frittataen har stivna i midten.
  9. Servér med det samme, gjerne med salat eller godt brød til.
pai fritata

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.