Søtpotet- og linsegryte med spinat

Søtpotet- og linsegryte med spinat er nydeleg på smak og lett å trylle fram. Ingrediensane er slike som eg gjerne har tilgjengeleg i kjøkkenskapet. Og då kan denne gryta enkelt mekkast saman. Fyll opp krydderskuffa di du og så kan du by inn til smakfull gryte full av godsaker.

søtpotet- og linsegryte med spinat

Det som tok litt tid å finne av kryddera under her er sennepsfrø. Sennepsfrø blir mykje brukt i det indiske kjøkken, og er ofte å finne i engelske oppskrifter. Det såg vi det året vi budde i Kuala Lumpur for der selde dei fleire fargar sennepsfrø på matbutikken, og i store pakningar. Det var tydeleg at dette var eit mykje brukt krydder.

Heldigvis finnast sennepsfrø på asiatiske butikkar, og så finn du det på større daglegvarebutikkar. Santa Maria sel dei i pose, så om butikken din fører det merket kan dei nok ta det inn om du spør. Eit lite tips der altså -men finn har du det ikkje så går det heilt fint å lage gryta utan;)

søtpotet- og linsegryte med spinat

Søtpotet- og linsegryte med spinat

søtpotet- og linsegryte med spinat
Sjekk ut den nye YouTubevideoen av oppskrifta her!

Oppskrift på Søtpotet- og linsegryte med spinat

4 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1 ss olje
  • 1 løk
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts koriander
  • 1 ts paprika
  • 1/2 ts gule sennepsfrø
  • 2 fedd kvitløk
  • 1-2 søtpotet
  • 400 g hakka tomat på boks
  • 400 g kokosmjølk
  • 2 dl kraft (el. vatn + buljong)
  • 1 dl grøne linser
  • 1 ss eplecidereddik
  • 1 ts sukker
  • 100 g babyspinat
  • 2-3 klyper chiliflak
  1. Skrell løk og søtpotet og del i terningar. Finhakk kvitløk.

  2. Varm olje i ei gryte og ha i løken. Steik til løken blir blank.

  3. Ha i alle kryddera og la frese med i 1-2 minutt. Ha i kvitløk og la det steike med i 1-2 minutt.

  4. Tilset søtpotet, hakka tomat, kokosmjølk, kraft og linser.

  5. Kok opp og la småkoke i 30 minutt.

  6. Ha i eplecidereddik og sukker. Vend forsiktig inn spinaten.

  7. Server gryta med ris til og litt chiliflak på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.