Braisert lammeskank med marokkansk curry
Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i steikeomnen.
Lammeskankar blir nyyydelege om dei får god tid i omnen, og tid er eigentleg det som er hovudinngrediensa i denne retten. Eg las ein stad at den kjende kokken Andreas Viestad skreiv at om du var usikker på om skanken hadde fått nok tid, så skulle du gje den ein time til i gryta. Du kunne gjerne gi skanken fire timar i staden for to, det ville berre gjere godt.
Med dette som utgongspunkt har vi laga lammeskank fleire gongar, med stort hell, og tida dei får i omnen er alt etter når det passar å ete. Så lenge kjøtet dett frå beinet når eg sjekkar skankane i omnen er det berre å setje seg til bords.
Denne gongen laga vi lammeskank med marokkanske smakar, og dette blei knallgodt! Faktisk fall det så i smak at det blei utropt til det beste vi hadde hatt på bordet dette året; då kan det ikkje anna enn å anbefalast vidare! Til 3-4 personar treng du:
- 3-4 lammeskankar
- 1 ts salt
- 1/2 ts peppar
- 2-3 ss kokosolje (eller anna steikeolje)
- 2 løk
- 2 fedd kvitløk
- 1 cm ingefærrot
- 2 ts spisskummen
- 2 ts gurkemeie
- 1 ts kanel
- 1 laurbærblad
- 2,5 dl kraft (eller vatn + buljongterning)
- 400 ml kokosmjølk
- 1-2 liter grønkål eller spinat
- 1 neve frisk mynte
Slik gjer du:
- Set omnen på 150 grader.
- Gni i lammeskankane med salt og peppar.
- Hakk løk, kvitløk og ingefærrot.
- Varm halvparten av oljen i ei gryte. Gryta må ha lokk og tole steikeomn.
- Brun lammeskankane på alle sider og legg dei til side.
- Ha resten av oljen i gryta og steik løk og kvitløk til løken er blank.
- Ha i ingefærrot, spisskummen, gurkemeie, kanel og laurbærbladet og la steike med i ca fem min til slik at kryddera er godt blanda inn og gir frå seg god lukt.
- Ha i kraft og kokosmjølk og bland godt før du set lammeskankane tilbake i gryta.
- Legg på lokk og set inn i steikeomnen. La steike i omnen i 2,5-3 timar.
- Reins og del grønkålen/spinaten i mindre bitar og ha det i gryta. La koke med den siste halvtimen.
- Ha over frisk mynte og servèr!
Retten er fin som den er åleine, eller om du vil kan du servere potetmos eller ris til. Og du; desse beina er knallfine å legge i frysaren etter at middagen er over -slik at du kan koke kraft på dei ved eit seinare høve;) Inspirasjon til retten er henta frå boka «The autoimmune solution» av Amy Myers.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.