Vekemeny 13

Ny veke og ny meny! Både gamle og nye favorittar som alle er enkle å lage og smakar godt. Akkurat slik kvardagsmaten skal vere! For mandagens oppskrift finn du også film under her, slik at du ser steg for steg korleis den skal lagast.

Lag deg ei fin veke på kjøkkenet!

Mandag

søtpotet- og kikertgryte

Søtpotet- og kikertgryte

Søtpotet- og kikertgryte er spicy, mettande og god. Ei perfekt haustgryte når kulden kjem snikande og du har lyst på noko varmande og godt. Dette er ei vegetarisk/vegansk gryte, og… Fortsett å les »

Tysdag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Onsdag

spaghetti med enkel saus

Spaghetti med enkel saus

Spaghetti med enkel saus er enkel og god kvardagsmiddag! Det er ingen grunn til å kjøpe ferdig pastasaus på glas, dette lagar du raskt og enkelt sjølv -heilt utan tilsetjingsstoff… Fortsett å les »

Torsdag

blask pepper sauce wok

Black pepper sauce wok

Dette er ein av mine asiatiske favorittar og det var god stemning i heimen då vi fann ut av vi kunne lage sausen sjølv, utan å kjøpe ein ferdig pakke!… Fortsett å les »

Fredag

Tex-mex burrito med quinoa

Tex-mex burrito med quinoa Burrito er perfekt mat å lage med restar du har liggande, som eg har gjort her med tacorestane våre. I tillegg har eg brukt quinoa som… Fortsett å les »

Laurdag

kikertgryte med chorizo

Chorizo og kikertgryte

Chorizo og kikertgryte har nydeleg smak av chorizopølse og ekstra røykt smak frå paprikakrydderet. Finn du ikkje røykt paprika på butikken din veit du kva du skal sjå etter neste… Fortsett å les »

Søndag

biff med bernaise

Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter

Biff med bearnaisesaus og hasselbackpoteter er skikkeleg laurdagskveldmiddag med noko raudt i glaset til. Hasselbackpoteter blei ein favoritt her i heimen frå første gong vi laga det. Du deler potetene… Fortsett å les »

Vekas brødmat

kvardagsmat

Eltefritt brød med heilkorn frå kveite

Eltefritt brød har blitt vårt kvardagsbrød. Anten blir det rørt saman om kvelden og steikt om morgonen, eller så blir det rørt saman om morgonen og steikt etter middag. Har… Fortsett å les »

Noko godt

"bounty"

«Bounty» utan sukker

Desse små herligheitene, «Bounty»,  har gått ned på høgkant i det siste. Kokos har verkeleg vokse på meg det siste året, og eg diggar det. Kokosmjølk i smoothien, i kyllinggrytene… Fortsett å les »

Vekas kake

vegansk søtpotet-brownie

Vegansk søtpotet-brownie

Vegansk søtpotet-brownie blei til etter at vi hadde laga søtpotetsjokoladekake. Og så fekk vi (les: eg) lyst på det ein ettermiddag, men vi mangla egg i hus. Då er det… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.