Spaghetti med enkel saus

pastasausSpaghetti med enkel saus er enkel og god kvardagsmiddag! Det er ingen grunn til å kjøpe ferdig pastasaus på glas, dette lagar du raskt og enkelt sjølv -heilt utan tilsetjingsstoff og andre unødigheiter. Og så smakar det SÅ mykje betre!

Spaghetti med enkel saus

Til 3-4 personar:

  • 400 g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1 boks (400 g) hakka tomat
  • 3 ss tomatpuré
  • basilikum, oregano, salt og peppar, evt litt sukker
  • 2 ss olivenolje
  • 300-400 g spaghetti (gjerne fullkorn)

Slik gjer du:

 

  1. Fres karbonadedeiga på høg varme, medan du hakkar den opp, til den er gjennomsteikt. Ha over på ein tallerken og set til side.
  2. Skjær løken i terningar og steik den på middels varme i litt olivenolje til den er blank. Ha karbonadedeiga tilbake i steikepanna og tilset tomatpure og hakka tomat. Kok opp. Krydre med 1 ts basilikum og 1 ts oregano, smak til med salt og peppar. Synes du tomatpuréen smakar for skarpt kan du ha i ei klype sukker. La småkoke medan du kokar spaghetti.
  3. Fyll rikeleg med vatn i ei kasserolle, ha i 1ts salt per liter vatn. Kok opp og ha i spaghetti, la den koke i 7-10 min eller til den framleis har tyggemotstand (al dente). Hell av kokevatnet og rør inn 1ss olivenolje.
  4. Server spaghetti og saus med parmesanost og gjerne steikt spekeskinke/bacon på toppen.

Synes du sausen var for enkel kan du ha i 1-2 gulrot og 2 stenger selleri i små bitar, det gir god smak og ekstra vitaminar;)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.