«Bounty» utan sukker

coffee coconutballDesse små herligheitene, «Bounty»,  har gått ned på høgkant i det siste. Kokos har verkeleg vokse på meg det siste året, og eg diggar det. Kokosmjølk i smoothien, i kyllinggrytene og kokos i denne dessertbiten for å nemne nokre favorittar. Sjokoladebitane er enkle å lage, og finfine å oppbevare i både kjøleskap og frysar. Sistnemnde gjer at dei held seg ekstra-ekstra lenge, men sidan dei er så små tinar dei på få straksar og er klare når du er lysten på noko godt.

Eg søta dei med dadlar, og her har eg funne ein «juicy» versjon av dadlar på eine matbutikken vår. Denne typen er heilt mjuk og treng ikkje bløytleggjast før bruk. Dadlar som har blitt litt harde (ofte dei ein kjøper i lausvekt eller økologiske) kan du fint bruke, men då anbefalar eg å leggje dei i bløyt i lunka vatn i minimum 30 min først.

Håper herligheita fell i smak!

Til ca 12 stk treng du:

  • 75 g kokos
  • 3 ss kokosolje (gjerne extra virgin)
  • 2 dadlar
  • 1/2 vaniljestang
  • 1 klype salt

Sjokoladetrekk:

  • 50 g mørk sjokolade
  • 1 ts kokosolje
  • 2 ss kokos

sjokolade kokosballSlik gjer du:

  1. Kjør kokos, dadlar, frø frå vaniljestanga og saltet i ei matmølle til det er heilt finsmuldra.
  2. Rør inn kokosolje.
  3. Press saman små kuler/ballar/halvkuler anten ved hjelp av ei djup skei eller med henda.
  4. Sett i frysaren i omlag 10 min, medan du klargjer sjokoladetrekket.
  5. Knekk opp sjokoladen og ha den i ein stål eller glasbolle som toler varme saman med kokosolja.
  6. Fyll ei lita kasserolle med litt vatn, kok det opp og trekk kasserollen vekk frå varmen.
  7. Set bollen opp på kasserolla, men utan at botnen tek ned i vatnen.
  8. Rør innimellom, slik at all sjokoladen smeltar.
  9. Bruk ein gaffel under kokoskulene og ei skei til å ause sjokoladen over.
  10. Sett på eit bakepapir og strø kokos over før sjokoladen stivnar heilt.
  11. Oppbevar i kjøleskap eller frysar, og NYT:)
bounty

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.