Reklame
Søtpotet- og kikertgryte
Søtpotet- og kikertgryte er spicy, mettande og god. Ei perfekt haustgryte når kulden kjem snikande og du har lyst på noko varmande og godt. Dette er ei vegetarisk/vegansk gryte, og det gjer statistikken min for årets nyttårsforsett endå betre. Eg utfordra meg sjølv til endå fleire vegetariske rettar, og jammen har vi ete mykje grønt og godt dette året. Denne gryta føyer seg inn i rekka, og blir nok lett ein ny «go-to» gryte!
Søtpotet- og kikertgryte
Alle ingrediensane i denne gryta er varer som eg har på kjøkkenet og på buda omtrent alltid. Løk og kvitløk ligg i ei skål på benken, og blir brukt dagleg. Hakka tomat, tomatpuré og kokosmjølk står bunkra opp på buda, det går jo typ aldri ut på dato og er perfekt å kjøpe inn i større mengder.
Det same gjeld krydder. Ei velutrusta krydderskuff held seg i åresvis, og gjer middagsmekkinga på kjøkkenet så mykje kjekkare. Det er berre å handle inn eit godt utval og bruke.
Då mangla det vel berre søtpotet då? Det finn du i kjøleskuffa i kjøleskapet mitt. Søtpotet held seg utruleg lenge, og kan lett handlast inn for å ha liggande. Begynner den å bli dårleg kan du jo lett smelle saman ei søtpotetsjokoladekake eller ein vegansk søtpotet brownie. Det er aldri feil:)
Så kva ventar du på? Her får du oppskrifta på Søtpotet- og kikertgryte!
Oppskrift på Søtpotet- og kikertgryte
Gryte
- 1 ss Helios kokosolje
- 1-2 løk
- 2 fedd kvitløk
- 1 ss Helios gurkemeie
- 1 ss spisskummen
- 1 ts chiliflak
- 2 ss Helios tomatpuré
- 2 x 400 ml Helios hakka tomat
- 1 stor søtpotet
- 400 g Helios kikerter
- 400 ml Helios kokosmjølk
- 2 ss Helios eplecidereddik
Quinoa
- 2 dl Helios Quinoa
- 4 dl vatn
Skell og del løk og søtpotet i terningar, finhakk kvitløk.
Varm olje i ei gryte og ha i løken. Surr løken til den blir blank, bland så inn kvitløk, gurkemeie, spisskummen og tomatpuré. Bland godt og la frese i 2 minutt.
Hell over hakka tomat og kok opp.
Skyl kikertene gjennom eit dørslag, la renne godt av seg. Ha kikerter og søtpotet i gryta.
Ha i kokosmjølk og eplecidereddik. La gryta småkoke utan lokk i ca 30 minutt. Set på quinoaen, så er gryta ferdig når quinoaen er ferdigkokt.
Skyl quinoaen gjennom eit dørslag til den sluttar å skumme. Ha quinoa og vatn i ein liten kasserolle, set på lokk og kok opp. La småkoke under lokk til quinoaen opnar seg og får "små halar". Løft av lokket og la dampe tørr rett før servering.
Smak om gryta treng meir chili og servér gryte med quinoa til. Velbekomme!
Dette blogginnlegget er reklame for Helios
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.