Vegansk søtpotet-brownie

Vegansk søtpotet-brownie blei til etter at vi hadde laga søtpotetsjokoladekake. Og så fekk vi (les: eg) lyst på det ein ettermiddag, men vi mangla egg i hus. Då er det berre å lage vegansk i staden gitt, problem løyst!

vegansk søtpotet-brownies

Vegansk søtpotet-brownie

Saftig sjokoladekake med lønnesirup og dadlar i staden for sukker. Eg tok utgangspunkt i oppskrifta til Ella, men tvista den litt for å passe til det eg hadde i hus. Det funka som gull, og kaka forsvann fort. Til og med den mest skeptiske i huset her forsynte seg to gongar av kaka. Ingen fekk sjølvsagt vite at den var vegansk eller hadde søtpotet og dadlar i seg. Det dei ikkje veit har dei ikkje vondt av;)

vegansk søtpotet-brownieMelisen på toppen blei strødd på til ære for fotografen, men den kan du gjerne sløyfe dersom du vil ha ei kake utan kvitt sukker i det heile. Og det beste av alt? Den held seg nokre dagar i kjøleskap, så du kan nyte digg kake til ettermiddagskaffien heilt utan stress.

Oppskrift på Vegansk søtpotet-brownie

1 lita langpanne / 6-8 porsjon / Tid: 45-60 min

  • 1 (500 g) stor søtpotet
  • 10 dadlar
  • 100 g valnøtter
  • 6 ss lønnesirup
  • 6 ss kakopulver
  • 100 g havregryn
  • 2 ss kokosolje
  • 1 klype salt
  • Melis til toppen
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Skrell og del søtpoteten i grove bitar. Køyr den i ei matmølle til den er heilt finkorna.

  3. Ha i havregryn, dadlar, valnøtter, kakao, lønnesirup, kokosolje og salt. Køyr til ei jamn masse.

  4. Fordel kakedeigen i ei lita langpanne (eller ei rund form på 24 cm) og steik midt i omnen i ca 40 minutt. Kaka skal vere ganske mjuk, den stivnar litt meir når den blir kald.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.