Søtpotet­sjokoladekake

Søtpotetsjokoladekake er som tittelen kanskje avslører: sjokoladekake med søtpotet i. Den er saftig og nydeleg på smak. I tillegg til at du fekk lurt inn ei grønsak i ei kake då. Det må vel vere ei kvar småbarnsmor sin draum?

søtpotet-brownie
søtpotet-brownie

Søtpotetsjokoladekake

Eg oppdaga tidlegare i år at det gjekk fint å lage søtpotetbotn til pizza, utan å koke søtpoteten først. Juhu! Det betyr innkorting av prep-tid på kjøkkenet og kjappare pizza på bordet. Sidan det funka så godt med pizzaen slo det meg at det må jo gå fint i ei kake også. Finhakka søtpotet treng ikkje mange minutta før den er ferdig.

Som tenkt så gjort, det blei søtpotetsjokoladekake på ein vanleg onsdag. Restane tok vi med ut på tur, og dei forsvann kjapt til alle i turfølget.

søtpotet-brownie søtpotetsjokoladekake søtpotet-browniesKaka kan gjerne vere mjuk i midten, du treng ikkje steike lenger enn at den akkrat er fast. Følg med, kanskje er din steikeomn heilt annleis enn min. Hugs også at kaka blir fastare når den har blitt kald.

På toppen av kaka er det noko så enkelt som smelta mørk sjokolade. Mmmm! Min favoritt!

søtpotetsjokoladekake

Oppskrift på Søtpotet­sjokoladekake

Lita langpanne / 5-6 porsjonar / Tid: 45 min

Sjokoladekake

  • 3 egg
  • 400-500 g søtpotet (1 stor)
  • 150 g havregryn
  • 100 g kokosblomstsukker
  • 3 ss kokosolje
  • 3 ss kakao
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts kanel
  • 1 klype salt

Glasur

  • 100 g mørk sjokolade
  1. Set omnen på 180 grader over- og undervarme.

  2. Skrell søtpoteta og del i terningar. Ha den i ei matmølle med S-knivar og kjør til ei jamn masse.

  3. Ha i alle ingrediensane, unnateke egga, i bollen og køyr saman til ei jamn masse. Rør til slutt inn egga.

  4. Ha røra over i ei bakepapirkledd form på ca 20 x 20 cm.

  5. Steik kaka til den er fast, ca 30 minutt. La den avkjøle heilt i forma.

  6. Smelt sjokolade over vassbad (eller i mikro) og fordel over kaka.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.