Reklame

Tex-mex burrito med quinoa

Tex-mex burrito med quinoa

Burrito er perfekt mat å lage med restar du har liggande, som eg har gjort her med tacorestane våre. I tillegg har eg brukt quinoa som vi hadde til overs frå middagen vår, og vips på 1-2-3 er ein ny digg rett klar. Har du ikkje restar kan du sjølsagt lage retten frå scratch, du finn oppskrifta under her.

I tillegg til å vere perfekt som ny rett av restemat er dette tipp topp mat å ta med ut på tur. Du kan nemleg anten gratinere burrito i omnen med litt ost på toppen, eller lage turversjonen. Då pakkar du ein og ein burrito inn i aluminiumsfolie og tek med på tur. Varm den litt på bålet og nyt verdens diggaste turmat heilt utan stress. Tippar dei med svidde pølser og tørre pølsebrød ved sidan av deg blir ganske så misunnelege når du nyt første biten;)

Oppskrift på Tex-mex burrito med quinoa

4 porsjonar / Tid: 40 min

Burrito

  • 2 dl Helios quinoa
  • 4 dl vatn
  • 2 ss nøytral olje
  • 1 liten løk
  • 400 g kjøttdeig
  • 2 ss tacokrydder
  • 0,5 dl vatn
  • 6-8 tortillalefser
  • 1 glas ferdig salsa
  • Litt riven ost

Serverast med

  1. Start med å koke quinoa. Skyl quinoaen gjennom eit dørslag, for å fjerne alle bitterstoff. Ha quinoa og vatn i ein liten kasserolle og kok opp. La småkoke under lokk i ca 20 minutt, til quinoaen har opna seg og fått "små halar". Ta av lokket og fluff litt rundt med ein gaffel.

  2. Varm olje i ei steikepanne og fres løken til han blir blank. Ha i kjøttdeiga og la steike med til kjøttdeiga er bruna. Strø tacokrydder over, bland godt og hell over vatnet. La småkoke til quinoaen er ferdig.

  3. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.

  4. Fordel quinoa, tacokjøttdeig og salsa på lefsene og rull dei saman. Legg dei med skjøten ned i ei eldfast form og strø ost på toppen. Gratiner til osten har blitt gyllen, 15-20 minutt.

  5. Server burrito med nachochips, guacamole, salat og sylta rødløk. Eller gjer som i tipset over her, pakk i aluminumsfolie og ta med ut på tur. Perfekt restemat å varme på bålet.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.