![sunn taco](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/03/20150309-dsc_0022-e1451825627897-1000x620.jpg)
Sunn Taco
![sunn taco](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/03/20150309-dsc_0022-1024x680.jpg)
Taco sunt sa du?
Ja, klart det er det! Unngå dei ferdigkjøpte glasa med sukker og ingrediensar ein ikkje klarer å uttale. Lag guacamole av nesten berre avokado og nyt dei gode smakane med godt samvit. Massevis av grønsaker, heimelaga krydder og salatblad i staden for salte tacoshell.
Og smaken? Fantastisk! Denne guacamolen er min absolutte favoritt, med rikeleg av limesaft som gjer det lille ekstra. Berre prøv så skal du sjå!
![taco](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/03/20150309-dsc_0008-1024x680.jpg)
Til 3-4 treng du:
- 400 g kjøttdeig/karbonadedeig
- 2 ss heimelaga tacokrydder
- 1 løk
- 1/2 dl vatn
- Salatblad av typen hjartesalat/romanosalat
- frisk koriander
- (Rømme)
- (Riven ost)
Guacamole:
- 2 avokado
- 1 fedd kvitløk
- 5 cherrytomatar
- Safta frå 1-2 lime
- salt og peppar
Salsa:
- 1 liten raudløk
- 10-15 cherrytomatar
- 1/2 raud chili eller 1/2 ts chilipulver
- salt og peppar
![salsa](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/03/20150309-dsc_0010-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Lag salsaen først ved å dele alt i små bitar og blande saman. La stå og trekke.
- Del løken i bitar og steik den til den blir blank.
- Ha i kjøttdeiga, bland godt inn tacokrydderet og steik til kjøttdeiga er gjennomsteikt.
- Hell over vatnet og la småputre på låg varme medan du rører saman guacamolen.
- Del avokadoane i to, fjern steinen og mos kjøttet ved hjelp av ein gaffel.
- Finhakk (eller bruk ei presse) kvitløken og del tomatane i små bitar.
- Ha over limesaft, salt og peppar og bland godt.
- Skyl salatblada og tørk dei gjerne i ei salatslynge så held dei seg betre.
- Servér alt med frisk koriander til, og gjerne rømme og riven ost.
PS. Det er sjølvsagt lov å servere nachochips til om du vil det altså;)
![guacamole](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/03/20150309-dsc_0009-1024x680.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.