Vekemeny 45

Vekemeny 45 er på plass og med det ønsker vi november velkommen! Endeleg går ettermiddagane og kveldane litt seinare. Det er mørkt ute og tid for å tende lys og lese bøker. Tid for å vende litt innover og roe ned. Ingen teikn til julestress eller store planar endå, det er berre å nyte at det går litt langsamt.

Håper du får ei fin veke og at du finn inspirasjon til å lage noko godt på kjøkkenet under her!

Vekemeny 45

Mandag

taco med kikerter

Taco med kikerter

Taco med kikerter er ein herleg vegetarisk versjon av den populære fredagsmiddagen. Kikerter som er steikte i omnen i staden for kjøttdeig smakar knasande godt. Vend dei inn med tacokrydder… Fortsett å les »

Tysdag

hjemmelagde fiskepinner med corn flakes

Heimelaga fiskepinnar

Fiskepinnar er enkelt og raskt å lage sjølv, og smakar så mykje bedre enn dei du finn i fryseboksen på butikken. Dette er mat som er stas å lage saman… Fortsett å les »

Onsdag

gulrotsuppe oppskrift

Omnsbakt gulrotsuppe med tomat

Omnsbakt gulrotsuppe med tomat er nydeleg på smak og enkel å lage. Ved å omnsbake gulrøttene får dei ei nydeleg sødme som gjer suppa ekstra god. Og sidan suppa skal… Fortsett å les »

Torsdag

chicken curry sandwich

Chicken Curry Sandwich

Chicken Curry Sandwich har blitt laga på Instastory kvar gong eg har kokt kyllingkraft i det siste. Når du kokar kraft på ein heil kylling sit du igjen med massevis… Fortsett å les »

Fredag

Pizza med blomkålbotn

Pizza med blomkålbotn publiserte eg på instagram for nokre veker sidan, og har vel sjeldan fått meir spørsmål og nysgjerrige kommentarar frå ulike hald. Pizzaen var absolutt godkjent, og det var… Fortsett å les »

Laurdag

chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade

Chiligryte med chorizo og sjokolade har vore ei etterspurt oppskrift etter at eg delte ein smakebit frå prosessen på Instastory. Det at to ruter sjokolade smelta i gryteretten gjorde mange… Fortsett å les »

Søndag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Noko godt

brune pinner

Brune pinner

Brune pinner er ein rask og enkel sort av julekaker å lage og kan fint lagast no når det nærmar seg julaftan med stormskritt. Du brukar ei kjøkkenmaskin til å… Fortsett å les »

Brødmat

Eltefri focaccia med soltørka tomat

Ein av dei finfine tinga med å blogge er alle oppskriftene kjente og ukjente deler med meg. Det er stas og held verkeleg liv i matgleda! Denne oppskrifta fekk eg… Fortsett å les »

Vekas kake

bakt ostekake med bringebær

Bakt ostekake

Bakt ostekake er nydeleg! Søt og crunchy botn med syrleg og deilig ostefyll. Den liknar litt på Key Lime Pie, og eg har difor falle for freistinga med å bytte… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.