Reklame

Omnsbakt gulrotsuppe med tomat

Omnsbakt gulrotsuppe med tomat er nydeleg på smak og enkel å lage. Ved å omnsbake gulrøttene får dei ei nydeleg sødme som gjer suppa ekstra god. Og sidan suppa skal køyrast glatt før servering er det ikkje så nøye korleis du deler bitane. Perfekt å middagsrett å lage saman med ivrige små kjøkkenhjelper med andre ord.

omnsbakt gulrotsuppe med tomatomnsbakt gulrotsuppe med tomatPå bileta ser du at eg har brukt ei matmølle for å køyre suppa glatt, men her kan du bruke ein stavmiksar eller ein blender i staden, om det er det du har. Har du ingenting for hand kan du gjerne servere suppa med bitar i staden for heilt glatt, men då bør du dele bitane opp litt meir enn på bileta. Følg med på steiketida, det går ofte litt kjappare med mindre bitar.

omnsbakt gulrotsuppe med tomat oppskrift gulrotsuppe oppskriftOmnsbakt gulrotsuppe med tomat

verdens beste suppe oppskrift gulrotsuppe oppskrift

Oppskrift på Omnsbakt gulrotsuppe med tomat

4 porsjonar / Tid: 60 min

Suppe

  • 600-700 g gulrot
  • 1 løk
  • 3-4 fedd kvitløk
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ss flaksalt
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts pepar
  • 400 g Helios hakka tomat
  • 1 ts basilikum
  • 5-6 dl kraft el vatn + buljong

Serverast med

  • Brødkrutongar
  • Frisk persille
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.

  2. Skrell og del gulrot, løk og kvitløk i grove bitar. Fordel utover eit steikebrett og ringle over olivenolje, spisskummen, salt og pepar. Steik midt i omnen i 25-30 minutt. Vend på bitane 2-3 gongar i løpet av steiketida.

  3. Varm opp krafta eller vatnet + buljongen.

  4. Køyr dei omnsbakte grønsakene til ein glatt puré saman med hakka tomat. Du kan bruke ei matmølle, ein blender eller ein stavmiksar. Spe med den varme krafta og server med det same. Blir det litt å vente før suppa skal serverast er det berre å ha den i over i ei gryte og halde den varm.

  5. Brødkrutongar kan du lage enklast ved å riste brødskiver i ein brødristar og dele i terningar. Velbekomme!

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Helios

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.