Chicken Curry Sandwich

Chicken Curry Sandwich har blitt laga på Instastory kvar gong eg har kokt kyllingkraft i det siste. Når du kokar kraft på ein heil kylling sit du igjen med massevis av nydeleg kjøt som er perfekt å bruke til denne salaten. Og då blir det gjerne ein variant av denne til kvelds og lunsj dagen etter.

kylling curry sandwichHar du ikkje stangselleri i hus kan du bruke eple i bitar i staden. Likar du ikkje koriander kan du skippe det, eller erstatte det med rødløk. Det smakar også nydeleg godt. Nemnde eg at salaten er fiks ferdig på ti minutt? Kanskje 15 viss du skal rekne med tida det tek å leite fram og rydde opp. Men det er det verdt!

Chicken Curry Sandwich

kylling curry sandwichKarripulveret er det vanlege du finn på daglegvare. Karri er jo ikkje eit eige krydder, men ei blanding av ulike krydder, og varierer etter kva merke det er. Les bak på glaset om du vil vite kva det består av. Det kan vere verdt å merke seg at bukkehornkløver kan gi reaksjonar for dei som er allergiske mot peanøtter. Men er du ikkje i fare for det er det berre å kjøre på. Karri er jo så godt!

chicken curry sandwich

Oppskrift på Chicken Curry Sandwich

2 porsjonar / Tid: 10 min

  • 2-4 skiver godt brød
  • 1 avokado
  • Blanda grøn salat
  • 150 g steikt/kokt kyllingkjøt
  • 2 stenger selleri
  • 1 neve frisk koriander
  • 1 dl rømme
  • 1 dl majones
  • 1-2 ts karripulver
  • 1 skvis sitronsaft
  • 1 klype salt
  1. Bland saman rømme, majones, karripulver, sitronsaft og salt.

  2. Del kyllingkjøt og stangselleri i bitar. Finhakk koriander.

  3. Bland saman dressingen med kylling, selleri og koriander.

  4. Rist brødskivene og fyll på med salat, avokado i skiver og kyllingsalaten.

  5. Servér med det same.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.