Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det oftast hjortekjøt, sidan det er det som blir jakta på i området, men bruk det du har. Reinskav frå frysedisken går også fint.

Haustgryte med vilt og sopp Haustgryte med vilt og soppHaustgryte med vilt og sopp

Som du ser i oppskrifta kjem koketida an på kva stykningsdel du har av dyret. Er du i tvil på kva du har kan du gjerne koke kjøtet tidleg på dag, og så montere gryta når middagstida nærmar seg. Etterkvart har vi (les: jegeren) blitt flink til å pakke og merke kjøtet godt før det går i frysaren, og då blir det lettare å vurdere koketid på førehand. Har du som vi hadde tidlegare kjøt med dårleg merking anbefalar eg at du legg opp til å koke det ei stund. Det er alltid mykje betre med kjøt som smeltar på tunga og fell frå kvarandre enn seige bitar.

haustgryte

Oppskrift på Haustgryte med vilt og sopp

6 porsjonar / Tid: 30-90 min

  • 700 g viltkjøt
  • 2-3 ss rapsolje
  • 4-5 sjalottløk
  • 1/2 purre
  • ca 1 liter vatn
  • 150 g frosne erter
  • 4-5 sjampinjong
  • 400 g kantarell
  • 3 gulrøtter
  • 4 poteter
  • 2 ss raud saft
  • 1 ts timian
  • 1 ts salt
  • 3 dl creme fraiche
  • 4 ss maisenna
  • 1 dl kaldt vatn

Serverast med

  • Potetmos
  • Tyttebærsylte
  1. Brun kjøtet med oljen i ei gryte med tjukk botn. Steik litt og litt i gongen, slik at kjøtet blir steikt og ikkje kokt. Legg til side på ein tallerken etterkvart.

  2. Dekk kjøtet med vatn og kok til det blir mørt. Dette kjem an på kva stykningsdel du har/kor lenge det har mørna i kjøleskapet. Er det mørt kjøt treng du ikkje koke det først, medan det gjerne kan småkoke i 2-3 timar viss ikkje. Kok med lokk, og pass på at det ikkje kokar tørt.

  3. Del sjampinjong, kantarell, gulrot og poteter i bitar og ha dei i gryta saman med ertene.

  4. Ha i raud saft, timian og salt og la gryta koke til grønsakene er møre, ca 15 minutt.

  5. Rør inn creme fraiche.

  6. Rør ut maisenna i kaldt vatn og rør ut i gryta. Kok opp og la gryta koke i 2-3 minutt slik at den tjuknar.

  7. Server gryta med potetmos og tyttebærsyltetøy til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.