Pizza med blomkålbotn

blomkålpizza

Pizza med blomkålbotn publiserte eg på instagram for nokre veker sidan, og har vel sjeldan fått meir spørsmål og nysgjerrige kommentarar frå ulike hald. Pizzaen var absolutt godkjent, og det var ikkje mogleg å gjette at botnen var laga av blomkål ut i frå smaken! Grønsaker brukt på nye måtar synest eg er knall, og denne pizzaversjonen blir nok testa i fleire variantar.

Til 1 pizza med blomkålbotn:

  • 1 blomkål
  • 1-2 nevar riven parmesan
  • 2-3 ss kokosmjøl (avhengig av kor stort blomkålhovudet er)
  • 1 egg
  • ½ ts salt
  • 2 ts krydder (basilikum/oregano/provence/pizzakrydder)
  • pizzasaus
  • 8-10 chorizopølser/spekepølser i tynne skiver
  • 1/2 grøn paprika
  • mozzarellaost
  • friske urter
pizzasaus med paprika og løk blomkål pizza

Slik gjer du:

  1. Bruk ei matmølle med S-kniv eller eit rivjarn og lag blomkålris/blomkålsnø. Ha i ei mikroskål og varm det i 3-4 minutt i mikroen (eller damp det i ei kasserolle/i steikeomnen).
  2. Legg det over på eit tynt kjøkkenhandkle og la det avkjøle så du ikkje brenn deg.
  3. Bruk henda og “mjølk” ut vatnet frå blomkålen og kjøkkenhandkleet slik at du sit igjen med noko som liknar mjøl.
  4. Ha blomkålmjølet over i ein bolle og tilset riven parmesan, 2 ss kokosmjøl, samanvispa egg, salt og krydder. Elt saman til ei deig og juster med evt litt meir kokosmjøl til det blir passe tørt.
  5. Set eit steikebrett (eller pizzastein om du har) i steikeomnen og skru på 230 grader.
  6. Ha blomkåldeiga over på eit bakepapir og trykk den uttover (enklast å bruke henda) slik at den er jamn og forma som ein pizza.
  7. Dra bakepapiret over på det varme steikebrettet/pizzasteinen og skru ned til 200 grader.
  8. Steik til pizzaenbotnen er gyllen, men ikkje brent, ca 10-15 min.
  9. Ta botnen ut stryk uttover pizzasausen. Ha på pølse, paprika og mozzarellaost.
  10. Steik i 5-10 min, til osten har smelta.
  11. Server med friske urter.
pizza av blomkål

Tips: lag to når du først er i gong. Steik den ferdig, la avkjøle heilt og pakke den i plast med bakepapiret på. Då har du ferdig botn i frysaren ein dag du får lyst på pizza!

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!