
Taco med kikerter
Taco med kikerter er ein herleg vegetarisk versjon av den populære fredagsmiddagen. Kikerter som er steikte i omnen i staden for kjøttdeig smakar knasande godt. Vend dei inn med tacokrydder og steik til dei «poppar» og server med dine favorittar til.
Som tidlegare nemt i Blomkål-taco er eg aldeles hekta på sylta rødløk for tida. Det vil eg ha eit glas av i kjøleskapet til ei kvar tid! Perfekt på brødskiva, i salaten eller som her; i tacoen. Du lagar det enkelt ved å koke opp sukker, vatn og eplecidereddik. Hell det over rødløk i skiver og oppbevar i kjøleskap. Der held det seg lenge, og fargen på laken blir etterkvart heilt rosa. Meir nøyaktig oppskrift finn du under her.
Taco med kikerter
Her har eg servert kikertene og den sylta rødløken saman med mine favorittar: lefse, tortillachips, guacamole, salatblad og frisk koriander. Mmmm!

Håper du fekk lyst til å prøve ein ny vri på tacoen du også! Vil du lese meir om kikerter? Sjekk ut matblogg-kollega Vidar sin grundige bloggpost her.
Oppskrift på Taco med kikerter
Kikerter
- 400 g (1 boks) kokte kikerter
- 4-5 ss olje
- 2 ss tacokrydder
- 1-2 sjalottløk
Guacamole
- 1-2 avokado
- 1 fedd kvitløk
- 1/2 ts salt
- 1/4 ts pepar
- 1 klype chiliflak
- 1 lime
- 1 neve frisk koriander
Sylta rødløk
- 1 rødløk
- 1 dl vatn
- 1 dl sukker
- 1 dl eplecidereddik
Server med
- 12-15 maislefser
- Grøne salatblad
- Agurk
- Tortillachips
- Frisk koriander
Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
Skyl kikertene i eit dørslag og la dei renne godt av seg. Ha på eit bakepapirkledd steikebrett og bland inn tacokrydder, sjalottløk i båtar og olje. Steik midt i omnen til kikertene "poppar" etter ca 15 minutt. Pass på så ikkje løken blir alt for brend.
Lag sylta rødløk, eller hent fram frå kjøleskapet om du har laga tidlegare. Kok opp vatn, sukker og eplecidereddik. Rør undervegs slik at alt sukkeret blir løyst opp. Del opp rødløken i skiver, bruk gjerne ein mandolin om du har. Legg rødløken på eit glas eller i ei skål og hell over væska. Kan oppbevarast i kjøleskap i fleire dagar.
Lag guacamole ved å mose avokado, finhakka kvitløk og koriander. Krydre og rør inn limesafta. Dersom guacamolen skal stå litt før den skal serverast så let du avokadosteinen ligge i, slik at guacamolen ikkje blir brun.
Varm maislefsene og server saman med kikerter, salat, guacamole og sylta rødløk. Topp med tortillachips og frisk koriander. Nyt!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.