Topp ti april

Vi er godt i gong med mai, og det er på høg tid å sjå tilbake på april og kva som var mest populært på bloggen då!

1. april starta med svelesteiking for Tine Kefir i Oslo, og speltsvelene blei varmt mottekne av forbipasserande og frammøtte blogglesarar! Vidare sparka denne oppskrifta i gong Apetina sin #tastetwist-konkurranse  før eg fekk ein knallkjekk tur til bergen for å motta stipend frå Noregs Mållag!

Innimellom alt dette blei det publisert mange ny oppskrifter, og nokre av dei blei så populære at dei klatra opp og fekk vere med i “Topp ti april”! Den som blei publisert heilt i slutten av april og som ikkje rakk å få klatre opp, men som er verdt å nemne likevel, var denne kaka: Sjokoladepavlova med vaniljekrem og bær som høver godt no i desse maidagane.

Då står det berre att å presentere dei ti mest populære oppskriftene i månaden som gjekk. Enjoy!

Topp ti april

1.

2.

3.

4.

5.

6.

7.

8.

9.

10.

Fann du noko som frista? Klikk på bileta for oppskrift!

Følg meg gjerne på snapchat, instagram oh facebook: @kvardagsmat 🙂

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!