Hurra! Stipend frå NM!!!

widerøe bergen

Legg meg til på snapchat (kvardagsmat) for å sjå heile storyen:)

No tenkjer du kanskje: “Hæ? Er ikkje dette gammalt nytt? Har ikkje ho nett fått ein pris frå Mållaget” og det stemmer forsåvidt. Tilegare i år fekk eg Målprisen frå Ørsta Mållag med heider, ære, blomar og diplom! Men denne gongen er det eit stipend frå Noregs Mållag på 50.000,- det er snakk om! Og sjølv om det er stas å bli heidra i eiga bygd er det hakket meir stas når hovudorganisasjonen har tru på det eg gjer med bloggen!

Med tildelinga av dette stipendet har bloggen moglegheit til å få meir profesjonell utforming, og betre løysingar for deg som lesar enn kva eg klarer med mine avgrensa html og css kunnskapar.

Jobben med å få dette til å skje er allereie i gong, og det er mange spanande idear og løysingar på teikneblokka! Har du noko du ønskjer skal vere med på det nye bloggformatet er det no du må sende meg ein snap, ei melding eller leggje igjen ein kommentar slik at det er moglegheit for å få det med!

Eg gler meg til å løfte bloggen eit hakk og håper du som les også synest dette blir bra! Takk til Noregs Mållag som har trua på ein nynorsk matblogg, takk til mi gode venninne Caroline som tipsa om dette stipendet og tusen takk til deg som vel å lese og bruke den fordi (eller sjølv om) skriftspråket er på nynorsk! Maten vil alltid vere i fokus her på bloggen, og skriftspråket vil berre vere ein del for å formidle dette!

Hurra, hurra, hurra!

granola med kokos

 


Utdrag frå søknaden min:

Matbloggen min blei starta for å vise at ein verken treng å vere kokk eller ha gått husmorskulen for å lage god mat frå botnen av, og at dette er noko alle kan klare. Sidan nynorsk er mitt hovudmål blei det eit naturleg val av målføre der fokuset på bloggen er på god mat, og nynorsken er eit verkty for å formidle dette. Målet er å skrive god nynorsk, som skal vere lett forståeleg for både lesarar som har dette som hovudmål men og for dei som har det som sidemål.

Målet er at dei som set pris på nynorsken skal leggje merke til det, medan dei som føretrekk bokmål ikkje skal tenkje over at det er på nynorsk men setje pris på det som ein del av identiteten til bloggen. På den måten trur eg at ein kan ufarleggjere nynorsken for dei som synest den er framand og ukjend.

Det fine med å skrive på nynorsk er at bloggen blir meir personleg og skil seg litt ut, men dette blir også utfordringa for bloggen. For å kunne vere med i teten av norske matbloggarar er det viktig å bli rangert høgt av søkjemotorar når lesarane leitar etter nye oppskrifter. Sidan dei aller fleste søkjer etter oppskrifter på bokmål og ikkje nynorsk, gir dette ei ekstra utfordring for bloggen i kampen om å bli sett og brukt. Eg vel å ikkje sjå på dette som eit problem, men ei utfordring som må løysast, og her kjem søknaden om stipend inn i biletet.

For at bloggen i framtida også skal vere ein av dei største i Norge, vil eg utvikle nettsida vidare slik at den er mest mogleg SEO-optimalisert. Dersom nettsida er av topp kvalitet og følgjer alle spelereglane til søkjesidene, samtidig som den er brukarvenleg, vil lesarane forhåpentligvis finne fram og velje å kome tilbake.

Både maten, fotograferinga og nettsidebygginga er heimelaga av meg, men her ser eg mine eigne begrensingar. Spelereglane frå Google endrar seg heile tida, og utvikling av nettsider krev at dei fungerer på alle typer mobilar, nettbrett og nettlesarar. For å klare dette trengst det ekspertise på området -og dette vil eg nytte stipendet til om det blir mitt!

OG tenk! Stipendet blei mitt! Hurra, hurra, hurra!!

kanel giflar

Grunngjevinga:

Noregs Mållag har sidan 2007 delt ut to stipend på 50 000 kroner kvart år, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006.

Det fyrste stipendet Noregs Mållag deler ut, går til eit arbeid som er med på å fremje nynorsk på eit område der han ikkje er så synleg. Noregs Mållag er viss på at det arbeidet det her vert søkt om, vil vere eit godt bidrag til meir nynorsk i kvardagen for både nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Anita Stokke Blomvik står bak matbloggen Kvardagsmat.no, som er ein av få matbloggar på nynorsk, der ho ynskjer å vise at alle kan lage god mat frå botnen av. I 2014 var bloggen ein av finalistane i kåringane av verdas beste nynorskblogg og årets matblogg. Han har fleire tusen lesarar kvar dag og er svært populær på sosiale medium.

Det var heilt naturleg for Anita å nytte nynorsk då ho starta bloggen. Ho har som mål å skrive god nynorsk som er lett forståeleg for alle lesarar, og å ufarleggjere nynorsken for dei som ser på nynorsk som noko framandt og ukjent.

Nynorsken gjer at Kvardagsmat skil seg frå mange andre matbloggar, men det kan vere vanskeleg å nå ut til alle med ein nynorskblogg. Dei fleste søkjer etter oppskrifter på bokmål, og det må mykje arbeid til for å bli høgt rangert av søkjemotorar. Anita ser ikkje på det som eit problem, men ei utfordring som skal løysast. Med stort pågangsmot vil ho i samarbeid med eit digitalt byrå vidareutvikle nettsida si slik at ho er av høg kvalitet, brukarvenleg og fylgjer spelereglane til søkjesidene for å nå ut med nynorske oppskrifter til fleire lesarar.

Få av dei mykje lesne bloggane er på nynorsk. Samstundes er dei store bloggane lesne av svært mange. Dei speler såleis ei viktig rolle som føredøme og påverknadskraft for mange, og ofte unge lesarar. Noregs Mållag er glad for at stipendmottakaren tek bryet med å gå mot straumen og ser på bloggen som ein svært god ambassadør for nynorsken på eit område der han er alt for lite brukt.

Difor får Anita Stokke Blomvik eit stipend på 50.000 kr, og me ynskjer lukke til!

stipend

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!