Målprisen 2015

målprisen 2015

Då eg starta denne matbloggen tilbake i 2013, var det eigentleg berre ein konto på Instagram der eg ville lære å ta betre bileter og setje fokus på at alle kunne klare å lage god heimelaga mat.

Responsen var i overkant av det eg hadde forventa, 150 følgjarar var det hårete målet eg tenkte eg kunne oppnå på den kontoen, men det gjekk ikkje mange dagane før det var langt over dette talet. Samtidig laga eg til ei facebookside, mest tenkt til ei tante som ikkje var på Instagram, som gjekk frå 0 til 40 000 følgjarar på nokre få dagar(!).

Sidan både Instagram og Facebook har ein muntleg sjargong, blei det naturleg for meg å skrive på nynorsk sidan det skriftspråket er meir likt mi dialekt og måten eg snakkar på enn bokmål. Samtidig kjem eg frå Ørsta, Ivar Aasen sin fødestad, og har vakse opp med dette som mitt hovudmål.

For min del var det altså ikkje eit strategisk val å skrive nynorsk – men så var det heller ikkje i min villaste fantasi at kvardagsmat skulle bli ein av Norges største matbloggar! Og der kjem utfordringa.

Dess større bloggen har blitt dess fleire bokmål-lesarar har det blitt, og dess meir bevisst har eg blitt på å gjere nynorsken leseleg for alle.

Min intensjon er at nynorskbrukarane skal setje pris på at teksten er på deira hovudmål, samtidig som at språket er så lett at bokmålsbrukaren ikkje skal leggje merke til eller bli hemma av at dette står på deira sidemål.

Når Ørsta Mållag vel å gi Målprisen 2015 til meg for bruk av nynorsk på bloggen, blir eg stolt og glad over at dei set pris på jobben eg gjer. Dei som har fått prisen tidlegare er ivrige nynorskbrukarar som kan enormt mykje om språket vårt, og som har lagt lista høgt.

Samtidig ser eg at det å skrive på nynorsk byr på utfordringar med å kome med på søkjeresultata til Google, sidan dei fleste søkjer på oppskrifter på bokmål (eller engelsk) og det gir eit dårlegare resultat for dei som vil nytte Google Translate for å lese oppskriftene på engelsk.

Per dags dato blir også 99 % av det eg leverer frå meg av tekster omsett til bokmål, anten eg vil eller ei. Då synest eg etterkvart at det er betre at eg leverer ein god tekst på bokmål enn at den blir dårleg omsett og blir ei saleg blanding av nynorsk og bokmål. Når det er sagt er det mange dyktige der ute som omset nynorsk til bokmål så lett som berre det, og skriv det til gode tekstar!

målprisen 2015

Og der har du eigentleg spørsmålet som har kverna siste halvåret:

Skal eg fortsette å gjere dobbel jobb og skrive på både nynorsk og bokmål?

Hmmm…. Ja, eg har ikkje svaret til deg enno. Men denne prisen er jo ei herleg motvekt mot alle strategar, markedskrefter og annonsørar. Når ein liten gjeng heier i bakgrunnen gjer det i allefall at eg tenkjer meg om ein ekstra gong på kvar vegen skal gå vidare.

Så til juryen i Ørsta Mållag: tusen takk -dette sette eg umåteleg pris på!



Grunngjeving frå juryen:

Personen som vi ynskjer å gi gi målprisen til i år, skriv med eit  enkelt og folkeleg språk, som flyt godt, og som alle kan forstå. Det  som ho skriv, har ikkje berre ein verdi språkleg sett, men det har  og ein stor praktisk nytteverdi.  På sin eigen blogg skriv ho: ‐  Målet er å forklare så enkelt at alle skal kunne klare å lage rettane -det lukkast ho med.

Ho nyttar ofte nye kanalar der ho publiserer gode tekstar og  bilete. Stoffet hennar er å finne på Facebook, YouTube, Instagram,  Twitter og VGTV. På det viset når ho stadig fram til nye lesarar og  målgrupper, og ho når svært mange som truleg elles ikkje ville ha  lese mykje nynorsk.

Det hender til og med at ho lærer bokmålsbrukarar nynorske ord som kveitemjøl for «hvetemel» og  matmølle for «foodprosessor».

Ho skriv om eit emne som opptek mange. Forfattaren George  Bernard Shaw sa fylgjande om dette: ”Det finst ingen kjærleik  meir sannferdig enn kjærleiken til mat”. Som de skjønar, så er det  mat som opptek målprisvinnaren vår.

Dessverre vert mykje av desse tekstane publisert på bokmål, og vi er både stolte og glade  for at ho er tru mot morsmålet sitt her. Ho nyttar eit fargerikt  nynorsk skriftspråk som nær smeltar naturleg saman med dei  vakre bileta og oppskriftene som vert presenterte.

Anita Stokke Blomvik – gratulerer med ein svært populær matblogg.

Det var ikkje fritt for at vi i nemnda stadig vart sittande att med vatn i munnen når vi  studerte bloggen din – og det var ikkje berre av språket…

Vi håper  prisen bidreg til at du held på det gode språket ditt, og vi er sikre  på at du og bidreg til at mange får eit kvardagsleg forhold til  nynorsken. Lukke til!

 

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.