Sunn sjokolade-kladdkake

sjokoladekake uten gluten sukke melk

Sunn sjokolade-kladdkake har verken sukker, smør, krem eller mjøl i seg men nydeleg sjokoladesmak likevel. Med næringsrike mandlar og naturleg søting frå dadlar er dette eit fint alternativ om du vil ha ei litt sunnare kake å servere.

Eg har tru på ein fin middelveg, og er absolutt ikkje redd for å servere sukker og krem til festleg lag. Likevel synest eg det er utruleg spanande å nytte seg av naturen sine eigne uraffinerte varer, og likar variasjonen det gir!

sunn sjokoladekake

Kaka smakar kraftig sjokolade, og for å komme til sin rett anbefalar eg at du serverer den saman med bringebær eller vaniljeis! Mektig og god -absolutt noko for oss som er over gjennomsnittet glade i sjokolade.

Sjølv om denne kaka er sunn inneheld den berre produkt du får kjøpt på vanlege matbutikkar (kanskje med unntak av dadlane som faktisk nokre butikkar ikkje har fått inn i fast sortiment -men her er det berre å etterspørje så kjem det nok!) slik at alt skal ligge til rette for å lage ei kake som kan nytast med godt samvit.

Blei du frista til å prøve? Slik gjer du det:

sunn sjokolade-kladdkake

Sunn sjokolade-kladdkake

Rund form 22-24 cm

  • 6 egg
  • 200 g mandlar
  • 17-18 (200 g) dadlar
  • 3 ss kakao
  • 2 dl vatn
  • 1/8 ts chilipulver
  • 1 klype salt
sunn sjokolade-kladdkake

Oppskrift:

  1. Set omnen på 175 grader over- og undervarme.
  2. Mal mandlane til fint mjøl, bruk gjerne ei elektrisk kvern.
  3. Splitt dadlane og fjern steinen. Kjør dadlane til ei glatt masse i ei matmølle.
  4. Skil egga og ha plommene og eggekvitene i kvar sin bolle.
  5. Stivpisk eggekvitene saman med ei klype salt.
  6. Bland saman eggeplommer, mandelmjøl, kakao, vatn, dadlar og chilipulver til ei jamn masse.
  7. Vend forsiktig inn dei stivpiska eggekvitene.
  8. Hell røra over i ei rund form (smør godt eller bruk bakepapir i botnen om du ikkje nyttar ei form med fast kakefat).
  9. Steik kake midt i omnen i ca 25 min. Kaka skal vere litt “dissete” når du tek den ut.
  10. La avkjøle, strø over litt kakao og server med friske bær eller is/krem.

Tips: Kaka kan gjerne stå til neste dag, og vil bli berre bedre og enklare å skjære i då!

sunn sjokoladekake

Oppskrift er opprinneleg frå boka “Smarte søtsaker” av Ulrika Hoffer.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.