Dei 12 mest populære oppskriftene i 2018

Så var 2018 eit tilbakelagt kapittel, og det er tid for å oppsummere og gle seg over året som gjekk. Først ut får du dei 12 mest populære oppskriftene i året som gjekk, til inspirasjon for god matlaging i 2019.

Enkle middagar, som også var hovudtemaet i kokeboka, ser ut til å vere ein slager her på bloggen. Kanskje ikkje så rart når det er der fokuset ligg;)

Håper du finn noko som fristar!

DEI MEST POPULÆRE OPPSKRIFTENE I 2018

pølse og makaronigrateng

Pølse- og makaronigrateng

Pølsegrateng er ein vinnar på middagsbordet både for små og store. Gratengen kan lagast heilt enkel, eller du kan jazze den opp med spicy pølser, smakfull ost og krydder. Her… Fortsett å les »

fiskekraft

Kraft av rekeskall

Neste gong du et reker må du for all del ikkje kaste skalet! Lag nydeleg kraft av rekeskall i staden, så har du alltid moglegheit til å lage verdas beste… Fortsett å les »

hjortegryte

Hjortegryte

Hjortegryte er klassisk haustmat, i allefall her på desse trakter. Hjortejakta er i gong for lengst, og årets første kjøt har hamna i grytene her. Med nydeleg kryddersmak av kantarellen… Fortsett å les »

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød

Kyllingsuppe med nanbrød passar like bra på ein kvardag som på ein klubbkveld med jentene. Fyll gjerne på med det du måtte like av grønsaker. Dess fleire næringsstoff og vitaminar… Fortsett å les »

verdens beste glutenfri foccacia

Glutenfri foccacia

Glutenfri foccacia som både blir luftig og smakar godt? Leit ikkje meir, her er oppskrifta du treng! Dersom du skal ta med foccacia til tapasbordet og det er allergiar å… Fortsett å les »

alternativ til potetsalat

Druesalat

Druesalat er super å setje på bordet der du ellers ville ha servert potetsalat eller waldorfsalat, eller gjerne som tillegg til desse to klassikarane når du skal ta med noko… Fortsett å les »

kyllingform med cashewnøtter

Kyllingform med cashewnøtter

Ovnsbakt kyllingform med cashewnøtter kan like gjerne serverast til fest som på ein kvardag. Deilige krydder blanda med grønsaker, kylling og bacon er lett å like og smakar som ein… Fortsett å les »

verdens beste hjortegryte

Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos er ein vinnar å setje på bordet når det er gjestar i heimen. Med ein jeger i hus er dette kortreist mat som mettar mange. Det… Fortsett å les »

pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado

Pasta med pesto, bacon og avokado er ein rask og enkel middag som smakar nydeleg godt. Grønt er godt! Med sprøsteikt bacon og milde avokadobitar innimellom blir dette ein digg… Fortsett å les »

Eltefritt grovbrød i gryte

Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne… Fortsett å les »

tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling

Tacosalat med kylling fekk eg servert hjå ei venninne tidlegare i år, og oppskrifta måtte sjølvsagt vere med heim for å dele vidare. Det som gjorde utslaget var at ho… Fortsett å les »

brødvaffel

Brødvaffel

Brødvaffel har blitt ein populær vaffel å servere i staden for brødskive. Denne versjonen er laga etter prinsippet i Proteinrundstykker med base av cottage cheese, havregryn og egg. Med ei… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.