Pølse- og makaronigrateng

GÅ RETT TIL OPPSKRIFTA

Pølsegrateng er ein vinnar på middagsbordet både for små og store. Gratengen kan lagast heilt enkel, eller du kan jazze den opp med spicy pølser, smakfull ost og krydder. Her får du oppskrifta på ein heilt enkel versjon som kidsa godt kan vere med å lage, eller lage sjølv om dei er litt større.

Sjekk ut filmen for å sjå kor lett det kan gjerast:

Pølse- og makaronigrateng

Vanlegvis når ein lagar grateng så lagar ein kvit saus og rører inn egga, men i denne oppskrifta er det gjort endå enklare. I staden for å lage kvit saus så visper du berre egga rett inn i mjølka og heller over makaroni og pølser. Sjølv om du tek snarvegen får du likevel luftig og digg grateng, med ei oppskrift som lett kan bli ein middagsrett som dei eldste borna kan ha som si oppgåve i heimen.

pølsegrateng

TIPS for variasjon av pølse- og makaronigrateng:

  • Tilset ein liten pakke frosne erter og gulrot i gratengen.
  • Bytt ut makaronien med blomkål i små bukettar, som i denne gratengen.
  • Lag gratengen glutenfri ved å bruke glutenfri makaroni.
  • Bruk ei blanding av ulike typar ost for meir smak.
  • Prøv med spicy pølser for litt ekstra spark eller bruk vegetariske pølser for vegetarversjon.

makaronigrateng

Denne oppskrifta er ein del av kokeboka «Kvardagsmat» som kom ut hausten 2018. Boka har fokus på enkle og gode middagar som alle kan klare å lage. Du kan bestille boka her.

Oppskrift på Pølse- og makaronigrateng

3-4 porsjonar

  • 300 g makaroni
  • 500-600 g grillpølse
  • 4 dl mjølk
  • 4 egg
  • 1/2 ts muskatnøtt
  • 1/2 ts pepar
  • 1 ts salt
  • 2-3 dl riven ost
  1. Set omnen på 200 grader.

  2. Kok opp ei stor kasserolle med vatn og ei klype salt.

  3. Ha i makaronien og la den småkoke i 7-10 min. Hell av vatnet og la dampe tørr.

  4. Del pølsene i bitar.

  5. Visp egga inn i mjølka og bland inn krydderet.

  6. Bland saman makaroni, pølser og mjølkeblandinga.

  7. Ha over i ei eldfast form (ca 2 liter) og ha over ost.

  8. Steik midt i omnen til osten er gyllen og gratengen har blitt fast, omlag 30 min. Følg med på slutten så den ikkje blir brend.

  9. Server gjerne med kokt brokkoli til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.