Kylling satay og peanøttsaus

kyllingspyd med saus

Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig mange variantar av -men eg har til gode å smake ein som ikkje smakar godt. Det er liksom ikkje råd å feile med denne retten!

enkel kylling satay

Denne versjonen er enkel med bruk av peanøttsmør i peanøttsausen, og eg synest eg høyrer ho frå matkurset i Kuala Lumpur skjenne på meg. Der var det ekte peanøtter og ingen bruk av stavmiksar som gjaldt. «You must pound it Miss Anita. Pound it, pound it, pound it!». Og eg pounda dei peanøttene så godt eg kunne -før ho tok over og knuste dei slik ein skulle gjere det….!

Men du; bruk det peanøttsmøret du finn på butikken med færrast mogleg ingrediensar -slik at det er nærast ekte vare. I det eg brukte var det berre peanøtter og litt salt. Og så kan du variere mengden chili alt etter kven som skal ete dette. Med berre litt chili er dette ein populær rett hjå kidsa også!

enkel kyllingspyd

Kylling satay og peanøttsaus

2-3 personar

Kyllingspyd

  • 400 g kyllingfilet
  • 1 fedd kvitløk
  • 1/2-1 raud chili
  • 3 ss soyasaus
  • 2 ss kokosolje (eller solsikkeolje)
  • 1 ts flytande honning
  • grillspyd

Peanøttsaus

  • 1 ss kokosolje (eller solsikkeolje)
  • 1/2 rødløk
  • 1/2-1 raud chili
  • 1 fedd kvitløk
  • 150 g peanøttsmør (utan sukker)
  • 1 ts honning
  • 250 ml kokosmjølk
  • 1 ts fish sauce
  • 1 ts soyasaus

Server med:

  • rødløk i båtar
  • frisk koriander
  • kokt jasminris
peanøttsaus oppskrift kylling satay

Slik gjer du:

Kyllingspyd:

  1. Finhakk kvitløk og raud chili og bland saman med resten av marinaden til kyllingspyda. Del kyllingen i strimlar og legg dei i ein pose saman med marinaden. La gjerne marinere i kjøleskap over natta, eller i allefall 1 times tid.
  2. Legg grillspyda i vatn i 10 min, for å unngå at dei tek fyr under grillinga.
  3. Stre kyllingbitane inn på grillspyda og grill ca 10 min på kvar side, anten på ein grill eller under grillelementet i steikeomnen.

Peanøttsaus:

  1. Del rødløk, chili og kvitløk i små bitar.
  2. Fres dette i oljen til løken blir blank.
  3. Ha i peanøttsmør og bland godt.
  4. Hell over kokosmjølk og rør til alt er godt blanda.
  5. Trekk panna til side og ha i honning, fish sauce og soyasaus.
  6. Kjør glatt med ein stavmiksar og set til side.
  7. Du kan varme opp igjen sausen om den blir kald før servering.

Kok jasminris, del rødløk i båtar og server kyllingspyd og peanøttsaus med frisk koriander på toppen.

kylling satay og peanøttsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.