Vekemeny 19
Vekemeny 19 og kom mai du skjønne milde! Kan ein bli meir glad i våren enn ein er i Norge? Hallo så deilig det er. Lysare, varmare, grønare. Eg gjenntek meg sjølv til det keisame.. Hurra for våren! Håper du er enig og likar det like godt som meg.
Vekemeny 19
Her får du vekas forslag til meny.
Mandag
Quinoasalat med smak av Marokko
Quinoasalat med smak av Marokko Denne salaten er fin å servere på eit tapasbord, som ein rett åleine eller som veldig godt tilbehør til feks kylling. Med spanande smakar… Fortsett å les »
Tysdag
Soyamarinert laks med regnbogesalat
Det er mogleg at eg har blitt inhabil når det gjeld soyasaus etter eitt år i soyasausens verdsdel. Men det passar jo nesten til alt! Salt og godt, og absolutt… Fortsett å les »
Onsdag
Krema blomkålsuppe med kokosmelk
Blomkålsuppe er ein klassikar som er fin å servere både som forrett, lunsj, middag eller kvelds. Denne versjonen har kokosmjølk i seg, som gjer den deilig krema. Mjuk og god… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskekakesmørbrød med karamellisert løk
Etter å ha lagt ut bilete av fiskekaker med karamellisert løk, var det mange som ville vite korleis eg laga det. Her får du dermed både fiskekakene (med vårløk denne… Fortsett å les »
Fredag
TACO-pizza
Botn: 2,5dl vatn 300g kveitemjøl (ca 5-6 dl) ½ pk tørrgjær 1ts salt 2ss olivenolje Topping: 1 boks pizzasaus 200g karbonadedeig med tacokrydder ½ rødløk 8-10 cherrytomatar 12-15 nachochips riven… Fortsett å les »
Laurdag
Kylling satay og peanøttsaus
Kylling satay og peanøttsaus var alltid safe å velje frå menyen uansett kvar vi skulle ete det året vi tilbrakte i Asia. Dette er ein rett som det finnast veldig… Fortsett å les »
Søndag
Lammeskank i curry
Lammeskank er blitt skikkeleg populær mat, og det er ikkje rart når maten nær lagar seg sjølv. Du treng berre tid og med denne oppskrifta: krydder! Mykje krydder. Curry er… Fortsett å les »
Noko godt
Surmelkskjeks
Surmelkskjeks er deilig mjuke og tjukke kjeks som kan nytast varme rett frå omnen eller leggast i kakeboksen for seinare høve. Kjeksa held seg nemleg fint i ei tett boks… Fortsett å les »
Brødmat
Proteinrundstykker med gulrot
Proteinrundstykker med gulrot er ein vri på proteinrundstykka som har blitt populære både her i heimen og på bloggen, og det med god grunn. Å kunne røre saman deiga og slenge… Fortsett å les »
Vekas kake
Marsipankake med friske bær
Marsipankake med friske bær er verkeleg ei festkake! Og dette marsipanlokket er ikkje så vanskeleg å få til som du kanskje fryktar. Trikset er å kjevle marsipanen mykje større enn… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.