![laks soyasaus](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_0025-e1452359008586-1000x620.jpg)
Soyamarinert laks med regnbogesalat
Det er mogleg at eg har blitt inhabil når det gjeld soyasaus etter eitt år i soyasausens verdsdel. Men det passar jo nesten til alt! Salt og godt, og absolutt lett å like.
Inspirasjon til marinaden er henta frå godt.no og Lise Finckenhagen, medan resten av retten er sett saman av det vi hadde i kjøleskapet. Vi prøver å ete flest mogleg fargar kvar dag, og då gir ein regnbogesalat mange klistremerker på ein gong. At det smakar godt er ein bonus;)
![regnbuesalat](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_0049-1024x680.jpg)
Til 3-4 personar treng du:
Laks:
- 500-600 g laks
Marinade:
- 1 dl ketjap manis (søt soyasaus)
- 3 ts ingefærrot
- 1/2 raud chili
- 2 fedd kvitløk
- 2 ts sesamolje (eller olivenolje)
- 1/2 lime
- 3 ss frisk mynte (eller andre friske urter)
Regnbogesalat
- 1/4-1/2 raudkål
- 100 g rukkola
- 1 vårløk
- 1 gulrot
- 10 sukkererter
Dressing:
- 1/2 dl olivenolje
- 1 ss ketjap manis
- 1/2 lime
![soyamarinert laks marinade](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_0010-1024x680.jpg)
![regnbogesalat](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_0039-1024x680.jpg)
Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
- Finhakk ingefær, kvitløk, chili og mynte. Press safta frå limen, og rør saman alt til marinaden.
- Ha marinaden over fisken.
- Set fisken midt i omnen og steik til fiskekjøtet flakar seg. Ca 15-20 min, avhengig av storleiken på fisken og omnen din.
- Medan fisken steiker lagar du salaten.
- Snitt kålen og gulrota i tynne strimlar.
- Del sukkerertene i to og vårløken i skiver.
- Rør saman olivenolje, ketjap manis og safta frå limen.
- Hell dressingen over salaten og vend inn.
![soyamarinert laks](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_0008-1024x680.jpg)
![soyamarinert laks med regnbuesalat](https://kvardagsmat.no/wp-content/uploads/2015/06/20150618-dsc_00111-1024x680.jpg)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.